1Då dei tvo Arons-sønene var slokna, dei som laut døy den gongen dei gjekk fram for Herrens åsyn, då tala Herren til Moses
9Og den bukken som fell på Herrens lut, skal Aron leida fram og ofra til syndoffer.
10Men den som fell på Asasels lut, skal leidast levande fram for Herrens åsyn, so dei kann gjera soning med han, og so skal han sendast ut i øydemarki til Asasel.
11Når Aron leider fram syndofferuksen sin og gjer soning for seg og huset sitt, so skal han fyrst slakta uksen,
12og so skal han fylla glodfatet sitt med glør frå altaret for Herrens åsyn og taka tvo nevar med finstøytt, angande røykjelse og bera innanfor forhenget,2 Mos 30,34-35
13og han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens åsyn, so røykjelseskyi gøymer nådestolen, som er yver vitnemålet; elles lyt han døy.Op 5,8
14So skal han taka noko av ukseblodet og skvetta med fingeren på framsida av nådestolen, og framfor nådestolen skal han skvetta med fingeren av blodet sju gonger.Hebr 9,13; 10,4
15So skal han slakta den bukken som er etla til syndoffer for folket, og bera blodet innanfor forhenget og gjera med det som han gjorde med blodet av uksen: skvetta det på nådestolen og framanfor nådestolen.
16Soleis skal han gjera soning for heilagdomen og reinska han for ureinskapen åt Israels-borni og for alle broti deira, alt det dei hev synda i, og det same skal han gjera med heile møtetjeldet, som er reist millom dei midt i ureinskapen deira.
17Og det må ikkje finnast noko menneske i møtetjeldet frå Aron gjeng inn og skal gjera soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Soleis skal han gjera soning for seg og for huset sitt og for heile Israels-lyden.Hebr 9,7
18So skal han ganga ut til altaret som er reist for Herrens åsyn, og gjera soning for det; han skal taka noko av ukseblodet og noko av bukkeblodet og strjuka rundt ikring på altarhorni
19og skvetta med fingeren av blodet på altaret sju gonger og reinsa det for ureinskapen åt Israels-borni og helga det.
20Når Aron hev fullført soningi for heilagdomen og møtetjeldet og altaret, so skal han leida fram den levande bukken
21og leggja hendene på hovudet hans og skrifta uppyver han alle dei misgjerningar og brot som Israels-borni hev gjort so ofte dei hev synda, og leggja dei på hovudet åt bukken og so senda han ut i øydemarki med ein mann som stend reidug.
22Og bukken skal bera alle misgjerningane deira med seg ut i villmarki, og mannen skal sleppa bukken der i øydemarki.
23Sidan skal Aron ganga inn i møtetjeldet og taka av seg linklædi som han hadde på seg då han gjekk inn i heilagdomen, og gøyma dei der.
24So skal han lauga lekamen sin i vatn på ein heilag stad og klæda seg i den vanlege bunaden sin og so ganga ut att og ofra brennofferet sitt og brennofferet for folket og gjera soning for seg og for folket.
25Og feittet av syndofferet skal han brenna på altaret.
26Den som leidde bukken ut til Asasel, lyt två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn; då fyrst kann han få koma inn i lægret.
27Uksen og bukken som vart slakta til syndoffer, og som dei tok blodet av og bar inn i heilagdomen til å gjera soning med, skal dei føra ut or lægret og brenna både skinni og kjøtet og møki.3 Mos 4,11-12; 6,23; 8,17; Esek 43,21; Hebr 13,11-16
28Den som brenner det, lyt två klædi sine og lauga lekamen sin i vatn; sidan kann han koma inn i lægret.
29Og dette skal vera ei æveleg lov for dykk: Den tiande dagen i den sjuande månaden skal de fasta og ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd og boren i landet, eller den framande som held til hjå dykk.3 Mos 23,27; 4 Mos 29,7; Sal 35,13; Jes 58,3.5
30For den dagen skal dei gjera soning for dykk og reinsa dykk for alle syndene dykkar, so de vert reine for Herren.
31Ein høgheilag sabbat skal det vera for dykk, og då skal de fasta; det skal vera ei æveleg lov.3 Mos 23,32
32Den som skal standa for soningi, er presten, han som hev vorte salva og vigd til å gjera prestetenesta etter far sin. Han skal klæda seg i linklædi, dei heilage klædi,
33og gjera soning for det høgheilage romet og møtetjeldet og altaret; og prestane og heila ålmugen skal han og gjera soning for.
34Det skal vera ei æveleg lov for dykk at dei ein gong um året skal gjera soning for Israels-borni og reinsa dei for alle syndene deira. Og Aron gjorde som Herren hadde sagt Moses fyre.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.