2. Korintar 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Paulus talar framleis um aposteltenesta si. Dei kristne i Korint er sjølve eit godt skotsmål for henne, 1-3, og ho er mykje rikare på herlegdom enn tenesta for den gamle pakti var, 4-11; difor hev han stort frimod i tenesta si, kor liten inngang bodskapen hans finn hjå Israelsfolket; det ligg eit sveip yver hjarta deira som hindrar dei i å få syn for evangeliet, og som fyrst vert teke burt når dei vender um; men dei kristne veks frå herlegdom til herlegdom i ljoset frå evangeliet, 12-18.
1Tek me til å gjeva oss sjølve lovord att? eller treng me då, liksom sume folk, til å hava lovords brev til dykk eller frå dykk?