3. Mosebok 19 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Herren gjev Israels-borni ymse bod: dei skal vera heilage, hava age for foreldri sine, halda seg frå avgudsdyrking, 1-4; dei skal fara rett åt med takkofferi, 5-8, koma i hug dei fatige når dei haustar inn kornet, 9-10, ikkje stela eller fara med svik og urett, ikkje baktala og hata og hemna seg, men elska næsten sin som seg sjølv, 11-18; dei må ikkje blanda i hop ting av ulike slag, 19, ikkje søkja seng med trælkvinna åt ein annan mann, 20-22, ikkje eta av frukti på trei fyrr i det femte året, 23-25; dei må ikkje eta blod, og dei må halda seg ifrå spådomskunster og trolldom og andre heidne skikkar, 26-31; dei skal æra dei gamle, 32, og elska dei framande og gjera rett i all si ferd, 33-37.
1Og Herren tala til Moses og sa:
2Tala til heile Israels-lyden og seg til dei: Dei skal vera heilage; for eg, Herren dykkar Gud, er heilag.