1Kong Salomo var konge yver heile Israel.
2No skal me nemna dei fremste mennene hans: Asarja Sadoksson var prest;
3Elihoref og Akia, søner åt Sisa, var riksskrivarar; Josafat Akiludsson var sogeskrivar;
4Benaja Jojadason var hovding yver heren; Sadok og Abjatar var prestar;
6Akisar var slottshovding; Adoniram Abdason hadde tilsyn med dei som gjorde trælearbeid.
7Salomo hadde sett tolv futar yver heile Israel. Dei sytte for mat og drikke åt kongen og huset hans; kvar sin månad i året laut dei syta for det.
8Her er namni deira: Son åt Hur, i Efra'imsheidi;
9son åt Deker i Makas og Sa'albim og Bet-Semes og Elon-Bet-Hanan;
10son åt Hesed i Arubbot; han hadde Soko og heile Heferbygdi;
11son åt Abinadab hadde heile Dorhøglendet; Tafat, dotter åt Salomo, var kona hans;
12Ba'ana Akiludsson, hadde Ta'anak, Megiddo og heile Bet-Sean, som ligg jamsides med Sartan, nedanfor Jisre'el, frå Bet-Sean til Abel-Mehola og burtum Jokmeam;
13son åt Geber i Ramot i Gilead; han hadde byane åt Ja'ir, son åt Manasse, i Gilead, og Argobbygdi i Basan, seksti store byar med murar og koparslåer;
14Akinadab Iddoson hadde Mahana'im;
15Akima'as i Naftalifylket; han hadde og fenge ei dotter åt Salomo til kona, ho heitte Basmat;
16Ba'ana Husaisson, i Asersfylket og i Alot;
17Josafat Paruahsson, i Issakarsfylket;
18Sime'i Elason i Benjaminsfylket;
19Geber Urison i Gileadlandet - det landet som Sihon, kongen yver amoritane, og Og, kongen i Basan, hadde havt - han var einaste futen i dei bygdene.
20Juda og Israel var mange - so mange som sand i strand; dei åt og drakk og var glade.
22Til kosthaldet hjå Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor fint mjøl og seksti kor vanleg mjøl,
23ti gjødde uksar, tjuge drifteuksar, og hundrad sauer, umfram hjortar og rådyr og dådyr og gjødde fuglar.
24For han rådde yver alt land vestanfor elvi, frå Tifsah til Gasa, yver alle kongane vestanfor elvi, og hadde fred på alle kantar rundt ikring;
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.