1. Krønikebok 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Filistarane slær Israel, Sauls-sønene fell. Saul drep seg, Israels-mennene rømer frå byane sine, 1-7. Filistarane plundrar dei falne og hengjer hovudet åt Saul upp i Dagonstemplet. Nokre Jabes-menner tek liki av Saul og sønene hans og jordar dei. Saul let livet for sine synder skuld, 8-14.

1Filistarane gjekk på i striden mot Israel; Israels-mennene rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboafjellet.1 Sam 31,1-7

2Filistarane sette etter Saul og sønene hans, og dei felte Jonatan og Abinadab og Malkisua, Sauls-sønene.

3Striden vart hard ikring Saul, bogeskyttarane kom yver han, og han fekk ein støkk i seg for skyttarane.

4Då sa han til våpensveinen sin: Drag sverdet ditt og renn det igjenom meg, so ikkje desse u-umskorne skal koma og skamfara meg. Men våpensveinen vilde ikkje gjera det - han torde ikkje. Då tok Saul sverdet sitt og stupte seg på det;Dom 9,54

5og då våpensveinen såg at han slokna, stupte han seg og på sitt sverd og døydde.

6Soleis døydde Saul og dei tri sønene hans og heile hans hus; dei let livet saman.

7Og då alle dei Israels-mennene som budde i dalen, såg at dei hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut og rømde frå byane sine, og filistarane kom og slo seg ned der.

8Dagen etter kom filistarane og vilde rana det dei falne hadde på seg. Då fann dei Saul og sønene hans liggjande på Gilboafjellet.

9Dei rana alt han hadde på seg, og tok hovudet hans og våpni hans og sende bod ikring i Filistarlandet og kunngjorde fagnadtidendi for avgudane sine og for folket.

10So la dei våpni hans gudshuset sitt, og hausen hans hengde dei upp i Dagons-templet.

11Då heile Jabes i Gilead fekk spurt alt det filistarane hadde gjort med Saul,

12drog dei i veg, alle som våpnføre var. Dei tok liki av Saul og sønene hans og førde dei til Jabes. Sidan jorda dei beini deira under terebinta i Jabes og heldt fasta i sju dagar.2 Sam 1,12; 2,5

13Soleis laut Saul lata livet for di han hadde svike Herren og ikkje halde seg etter Herrens ord, og like eins for di han hadde spurt slike som mana fram daudingar og søkt råd hjå dei,1 Sam 15,11; 28,8

14men ikkje søkt råd hjå Herren. Difor var det Herren laga det so at han døydde, og kongedømet vart flutt yver på David Isaison.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help