Matteus 25 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jesus set fram likningi um dei fem vituge og dei fem dårlege brurmøyane, 1-13, um dei utlånte pengane, 14-30, og lærer um domen på den ytste dagen, 31-46.

1Då kann himmelriket liknast med ti brurmøyar som tok lampone sine og gjekk til møtes med brudgomen.

2Fem av dei var dårlege og fem vituge.

3Då dei dårlege tok lampone sine, tok dei ikkje olje med seg,

4men dei vituge tok olje med seg i krukkor attåt lampone sine.

5Då det no drygde fyrr brudgomen kom, vart dei alle trøytte og sovna.

6Men midt på natti høyrdest eit rop: No kjem brudgomen! Gakk ut og tak imot han!

7Då vakna alle brurmøyane og stelte lampone sine.

8Og dei dårlege sa til dei vituge: Lat oss få noko olje hjå dykk! Lampone våre sloknar.

9Nei, svara dei vituge, det rekk ikkje til både åt oss og dykk. De lyt heller ganga til kræmaren og kjøpa dykk noko.

10Medan dei då var burte og vilde kjøpa, kom brudgomen. Dei som var ferdige, gjekk med han inn til brudlaupet; og døri vart stengd.

11Då det leid um eit bel, kom dei hine møyane og, og sa: Herre, herre, lat upp for oss!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help