1Trettande dagen i tolvte månaden - det er adar månad - den dagen då ordet og bodet åt kongen skulde setjast i verk, og uvenene åt jødane hadde vona å få velde yver dei - men no hadde det snutt seg um, so det var jødane som fekk velde yver fiendane sine -Est 3,13
2den dagen slo jødane seg i hop i byane sine i alle dei landi som Ahasverus rådde yver, og vilde leggja hand på dei som emna på vondt mot dei; og ingen kunde standa seg mot dei; for alle hine folki hadde fenge otte for dei.Est 8,17
3Alle fylkesstyrarane og jarlane og landshovdingane og embetsmennene åt kongen hjelpte jødane; for dei hadde fenge otte for Mordekai.
4For Mordekai hadde no mykje å segja i kongsgarden, og gjetordet hans for vidt um land - han vart større og større mann, Mordekai.Est 10,3
5So rauk då jødane på alle uvenene sine med sverdet og drap og tynte dei - dei for reint som dei vilde med fiendane sine.
6I Susanborgi drap og tynte jødane fem hundrad mann.
7Dei drap og Parsandata og Dalfon og Aspata
8og Porata og Adalja og Aridata
9og Parmasta og Arisai og Aridai og Vaisata,
10dei ti sønene åt Haman Hammedatason, fienden åt jødane. Men dei rørde ikkje godset åt uvenene sine.
11Same dagen fekk kongen vita talet på dei som var drepne i Susanborgi.
12Då sa kongen til dronning Ester: I Susanborgi hev jødane drepe og tynt fem hundrad mann og dei ti sønene åt Haman. Kva hev dei so ikkje gjort i dei andre landi som kongen råder yver? Er det endå noko du vil beda um, so skal det gjevast deg, og er det meir du ynskjer, skal du få det.Est 5,3.6; 7,2
13Ester svara: Tekkjest det kongen, so lat jødane i Susan i morgon og få lov til å halda seg etter det påbodet som gjeld i dag, og lat dei ti Hamanssønene verta upphengde i galgen!
14Kongen baud at so skulde gjerast, og det vart utferda eit påbod um det i Susan; alle dei ti Hamanssønene vart upphengde.
15Jødane i Susan slo seg i hop fjortande dagen og i adar månad og drap i Susan tri hundrad mann; men godset deira rørde dei ikkje.
16Dei hine jødane i alle dei landa kongen rådde yver, slo seg og i hop og varde livet sitt og fekk soleis fred for uvenene sine; dei drap fem og sytti tusund av fiendane sine, men rørde ikkje godset deira.
17Det var den trettande dagen i adar månad dette gjekk for seg; fjortande dagen i same månaden kvilde dei seg, og dei gjorde den dagen til ein bods- og glededag.
18Men jødane i Susan slo seg i hop både trettande og fjortande dagen i månaden; dei kvilde seg femtande dagen og gjorde den til ein gjestebods- og glededag.
19Soleis hev det seg at jødane på landet - dei som bur i landsbyane - fjortande dagen i adar månad held gledefest med gjestebod og høgtid og sender kvarandre gåvor av gjestebodskosten.Op 11,10; Neh 8,10.12
20Mordekai skreiv upp desse hendingane og sende brev til alle jødane i alle landi åt kong Ahasverus, både nær og fjerr,
21og gjorde det til ei lov og ein skyldnad for dei at dei år etter år skulde høgtida fjortande og femtande dagen i adar månad,
22av di det var på dei dagane jødane hadde fenge fred for fiendane sine, og i den månaden suti deira hadde snutt seg um til gleda og sorgi til høgtid; difor skulde dei gjera dei dagane til gjestebods- og glededagar og senda gjestebodskost til kvarandre og gåvor til dei fatige.
23Jødane tok ved at det skulde vera fast skikk det som dei alt hadde teke til å gjera, og som Mordekai hadde skrive til dei um.
24For Haman Hammedatason, agagiten, fienden åt alle jødar, hadde lagt upp råd mot jødane for å få tynt dei og hadde kasta pur - det er lut - for å øyda og tyna dei.Est 3,7
25Men då det kom attfor kongen, baud han i eit brev at den meinrådi Haman hadde tenkt ut mot jødane, skulde koma att på hans eige hovud, so han sjølv og sønene hans vart upphengde i galgen.
26Difor kalla dei desse dagane purim etter ordet pur. Og etter alt det som stod i brevet, og det som dei sjølve hadde set, og som hadde hendt dei,
27gjorde jødane det til ein fast og ubrigdeleg skikk for seg og etterkomarane sine og for alle som gjekk yver til deira tru, at dei år etter år skulde høgtida desse tvo dagane etter det som var fyreskrive um dei, og på den tidi som var sett for dei,
28og at desse dagane skulde komast i hug og høgtidast gjenom alle aldrar, i kvar ætt, i kvart land og kvar by, og at desse purim-dagane ikkje skulde aldri falla burt hjå jødane og aldri koma i gløyme hjå etterkomarane deira.Est 3,7
29Dronning Ester Abiha'ilsdotter og jøden Mordekai skreiv endå eit brev - dei skreiv med fynd og mynd, av di dei vilde få lovfest det som stod i dette nye brevet um purim.
30Og han sende skriv med venlege og ålvorlege ord til alle jødane i dei hundrad og sju og tjuge landi som høyrde til riket åt Ahasverus,
31for å lovfesta desse purim-dagane på den fastsette tidi, soleis som jøden Mordekai og dronning Ester hadde sagt fyre um dei, og soleis som dei sjølve hadde skipa det for seg og etterkomarane sine med fyresegner um fasta og klagerop på dei dagane.
32So vart då desse fyresegnene um purim-festen lovfeste ved påbodet frå Ester, og det vart uppskrive i ei bok.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.