Nahum 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Juda skal gleda seg, for det hev inkje å ottast frå assyrarane lenger; Ninive, dette røvarbolet, vert herteke, plundra og lagt reint i øyde, 1-14.

1Sjå der på fjelli føtene åt han som ber fagnadbod, han som forkynner fred! Haldt dine høgtider, Juda, og fullgjer dine lovnader! For aldri meir skal dei ugudlege draga inn i landet ditt, dei er utrudde alle saman.

9I all si tid var Ninive lik ein dam full av vatn. Men no flyr dei burt. Stogga! Stogga! - Nei, ingen snur seg.

10Rana no sylv, rana no gull! Her tryt det ikkje på skattar, her er nøgdi av allskyns dyrverdige ting.

11Tomt, tømt, uttømt! - hjartestøkk, kneskjelv og verk i alle lender, og alle andlet er eldande raude.Jes 13,7-8; 21,3; Joel 2,6

12Kvar er no løvehiet, etarstaden åt ungløvone, der løva og løvemori gjekk, og løveungen, og ingen skræmde dei?

13Kvar er løva, som rana so mykje som ungane vilde hava, og drap åt løvemøderne, ja fyllte upp holone sine med ran og hii sine med det ho reiv sund?

14Sjå, eg kjem yver deg, segjer Herren, Allhers Gud. Vognene dine skal eg lata ganga upp i røyk, og dine unge løvor skal sverdet øyda. Eg skal rydja ditt rov ut frå jordi, og ingen skal meir høyra røysti åt dine sendebod.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help