Josva 11 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Nokre kongar i Nord-Kana'an slær seg i hop mot Josva; han vinn yver dei og tek landet deira, 1-15. Soleis legg Josva under seg heile Kana'ans-landet; ingen gjer fred med han utan gibeonitane; han ryd ut anakitane, so berre nokre få vert att, 16-23.

1Då Jabin, kongen i Hasor, fekk spurt dette, sende han bod til Jobab, kongen i Madon, og til kongen i Simron og kongen i Aksaf

2og dei andre kongane der nord, i fjellbygdene og på moane sunnanfor Kinneret og på låglandet og på Dorhøgdene utmed havet -

3til kana'anitane, både i aust og i vest, og til amoritane og hetitane og ferisitane og jebusitane i fjellbygdene og hevitane nedunder Hermon, i Mispalandet.

4Då tok dei ut med alle herane sine, ein hop so tett som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i haugetal.

5Alle desse kongane sette einannan stemna og for til Meromvatnet; der lægra dei seg alle i hop og vilde stridast med Israel.

6Då sa Herren til Josva: Ver ikkje redd dei! I morgon dette bel legg eg dei alle drepne framfor augo åt Israel. Du skal skjera av hasane på hestane deira og brenna upp vognene!

17frå det nakne fjellet som ris upp imot Se'ir, til Ba'al-Gad i Libanonsdalen, nedunder Hermonfjellet; og alle kongane der fanga han og slo dei i hel.

18I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongane.Jos 14,7.10; 2 Mos 23,29-30; 5 Mos 7,22

19Det fanst ingen by som gav seg under Israels-borni med det gode, utan hevitane i Gibeon; alt hitt tok dei med makt;Jos 9,15

20for Herren laga det so at dei gjorde seg harde i hugen og møtte Israel i strid, av di han vilde at dei skulde bannstøytast og ingen nåde få, men øydast ut, soleis som han hadde sagt til Moses.5 Mos 2,30

21I den same tidi kom Josva og rudde ut anakitane i fjellbygdene, i Hebron og Debir og Anab og i alle fjellbygdene både i Juda og i Israel. Han bannstøytte både dei og byane deira.4 Mos 13,22; 5 Mos 1,28

22Ingen anakit vart att i Israelslandet, berre dei som var i Gasa og Gat og Asdod, fekk leva.

23So tok då Josva heile landet, heilt upp soleis som Herren hadde sagt til Moses, og let israelitane få det til odel og eiga etter sine ættgreiner og ætter. Etter denne ufreden fekk landet ro.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help