4. Mosebok 24 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Bileam velsignar Israel tridje gongen og spår um framtidi åt folket. Balak vert brennande harm; Bileam orsakar seg framleides med at han berre kann tala det som Herren vil, 1-14. Han spår at det skal koma ei mektig kongeætt i Israel; i Messias skal ho nå si høgste makt og vinna yver alle fiendane åt gudsfolket. So fer han heim att til sitt eige land, 15-25.

1Då Bileam såg at det var Herrens vilje at han skulde velsigna Israel, gjekk han ikkje burt og søkte teikn, som han fyrr hadde gjort; han vende andletet mot øydemarki

4so segjer han som høyrer ord i frå Gud, som ser syner frå den Allmektige, sigen ned med opna augo:

5Kor fagre tjeldi dine er, Jakob, dine bustader, Israel!

6Som vide bekkedalar, som hagar attmed ei å, som aloëtre Herren hev planta, som sedrar attmed vatnet!

7Det strøymer vatn or spanni hans, og ætti hans bur attmed mykje vatn. Større enn Agag skal kongen hans vera og upphøgt hans kongerike.

8Gud førde han ut or Egyptarland; styrke hev han som ein villukse; han skal eta upp heidningfolki som er hans fiendar, og knasa beini deira og skyta dei sund med pilene sine.

15So tok han til å kveda og sa: So segjer Bileam, Beors son, so segjer mannen med augo att,

16so segjer han som høyrer ifrå Gud, og som får vita det den høgste veit, han som ser syner frå den Allmektige, sigen ned med opna augo:

17Eg ser han, men ikkje no, eg skodar han, men ikkje nær; ei stjerna stig upp or Jakob, ein kongsstav lyfter seg frå Israel; han knasar Moabs tunnvangar og øyder ufredsætti ut.

23So tok han til å kveda att og sa: Ai, ei, kven fær vel leva då, når Gud let dette ganga fram?

24Skip kjem frå Kittimleidi; dei døyver Assur, og dei døyver Eber; men han og gjeng til grunns.

25So gjorde Bileam seg reidug og for heim att, og Balak tok og på si leid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help