1. Samuelsbok 23 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
David vinn yver filistarane og friar Ke'ila etter Herrens ord, 1-6. Saul vil fanga han der, men han spør Herren og kjem undan, 7-13. David held til i Sif-øydemarki; der kjem Jonatan til han og nyar uppatt sambandet med han, 14-18. Sif-buane forråder David; Saul set etter han i Maon-øydemarki, men snur då han fær tidend um at filistarane hev brote inn i landet, 19-28.
1Folk kom og sa til David: Filistarane hev kringsett Ke'ila, og dei ranar kornet på treskjevollane.