1Dette var sønene åt Israel: Ruben, Simeon, Levi og Juda, Issakar og Sebulon,
7Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førde Israel i ulukka, med di han ikkje for ærleg åt med det som var vigt til Herren.
10Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahson, som var hovding yver Juda-borni.
11Og Nahson fekk sonen Salma, og Salma fekk sonen Boas.
12Og Boas fekk sonen Obed, og Obed fekk sonen Isai.
13Isai fekk sonen Eliab, det var fyrste sonen hans; den andre heitte Abinadab og den tridje Simea,
19Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kona; med henne fekk han sonen Hur.
24Hesron hadde endå ei kona som heitte Abia; med henne fekk han sonen Ashur som var far åt Tekoa; ho åtte han etter Hesron var avliden i Kaleb-Efrata.
25Sønene åt Jerahme'el, eldste son hans Hesron, det var Ram, den eldste, og Buna og Oren og Osem; dei sønene fekk han med Akia.
26Men Jerahme'el hadde ei onnor kona og, som heitte Atara; ho vart mor åt Onam.
27Sønene åt Ram, eldste son åt Jerahme'el, det var Ma'as og Jamin og Eker.
28Sønene åt Onam var Sammai og Jada, og sønene åt Sammai var Nadab og Abisur.
29Kona åt Abisur heitte Abiha'il; med henne fekk han sønene Akban og Molid.
30Sønene åt Nadab var Seled og Appa'im. Seled døydde barnlaus.
31Appa'im fekk sonen Jisi, og Jisi fekk sonen Sesan, og borni åt Sesan var Aklai.
32Sønene åt Jada, bror hans Sammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus;
33men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var sønene etter Jerahme'el.
34Sesan hadde ingi søner, anna berre døtter. Men Sesan hadde ein tenar som var frå Egyptarland og heitte Jarha;
35so let han Jarha, tenaren sin, få dotter si til kona, og med henne fekk han sonen Attai.
36Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk sonen Sabad,
37og Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk sonen Obed,
38og Obed fekk sonen Jehu, og Jehu fekk sonen Asarja,
39og Asarja fekk sonen Hales, og Hales fekk sonen Elasa,
40og Elasa fekk sonen Sismai, og Sismai fekk sonen Sallum,
41og Sallum fekk sonen Jekamja, og Jekamja fekk sonen Elisama.
42Sønene åt Kaleb, bror hans Jerahme'el, var Mesa, som var eldste sonen hans - han var far åt Sif - og sønene åt Maresa, far åt Hebron.
53Kirjat-Jearims-ættene var jitritane og putitane og sumatitane og misra'itane; frå dei hev soratitane og estaolitane kome.
54Sønene åt Salma var Betlehem og netofatitane, Atrot-Bet-Joab, og helvti av manahtitane, soritane.
55Ættene åt dei skriftlærde som budde i Jabes, var titratitane og simatitane og sukatitane. Dette var dei kinitane som var ætta frå Hammat, far åt Rekabs-ætti.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.