Jesaja 61 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Messias vitnar um at han er salva med Guds Ande til å forkynna og gjeva alle botferdige frigjering frå syndi, rettferd, fred og gleda, 1-3. Då skal det som ligg i grus, byggjast upp att; heidningane skal tena lyden, som skal vera eit folk av prestar og verta rikt signa av Herren, som gjer ei æveleg pakt med dei, 4-9. Lyden takkar Herren med gleda for frelsa og rettferd frå han og for dei rike Andens gåvor han hev gjeve dei, 10.11.

1Herrens, Israels Guds Ande er yver meg; av di Herren hev salva meg til å bera fagnadbod til dei audmjuke, han hev sendt meg til å binda um dei hugbrotne, til å ropa ut fridom for fangar og utløysing for dei bundne,Luk 4,18-19; Jes 11,2; Matt 5,5; 11,5; Sal 34,19; 51,19; Jes 57,15; 66,2; 42,7

2til å ropa ut eit nåde-år frå Herren og ein hemnedag frå vår Gud, til å trøysta alle som syrgjer,Jes 63,4; Matt 5,4; 11,28; Luk 6,21

3til å gjeva dei syrgjande i Sion hovudprydnad i staden for oska, gledeolje i staden for sorg, lovsongs-klæde for vanmoda ånd, og dei skal heita rettferds terebintor, Herrens plantning til æra for han.Jes 51,3; Sal 45,8; Hebr 1,9; Sal 1,3; 92,13-16; Jer 17,8; Jes 60,21

4Dei skal byggja upp att eldgamle grushaugar, reisa upp att ruinar frå forfederne; dei skal nya upp att nedbrotne byar, det som hev lege i øyde frå ætt til ætt.Jes 58,12

5Framande skal standa og gjæta smalen dykkar, utlendingar dyrka åt dykk både åker og vingard.Jes 14,1-2

6Men de skal heita Herrens prestar, tenarar åt vår Gud skal dei kalla dykk; folke-eiga skal de njota, og deira herlegdom skal de få.Jes 66,21; 1 Pet 2,5; Rom 15,27; 1 Kor 9,11

7For dykkar skam fær de dobbelt att, og dei som leid skjemsla, skal prisa sin lut; difor fær dei dobbel lut i sitt land, æveleg gleda skal dei få;Jes 40,2; 35,10; 51,11; 66,14

8for eg, Herren, elskar rett og hatar urett ran, og trufast vil eg gjeva dei løni deira og gjera ei æveleg pakt med dei.Jes 65,23; 54,10; 55,3; Esek 37,26

9Namngjeten vert deira ætt millom folki, og avkjømet deira millom folkeslagi; alle som ser dei, skal sanna at dei er ei ætt som Herren hev signa.

10Eg vil gleda meg storleg i Herren, sjeli mi skal fegnast i min Gud; for han hev kledt meg i frelse-klæde, i rettferds-kåpa hev han sveipt meg, liksom brudgomen, som pryder seg med prestehuva, og liksom bruri som tek på seg sin prydnad.Hab 3,18; Luk 1,47; Sak 3,4-7; Op 3,5; 6,11

11For som jordi let sin grode renna, og hagen let sitt sæde veksa, so skal Herren, Israels Gud, lata rettferd og lovsong renna for alle folks åsyn.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help