1. Krønikebok 15 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David steller til eit rom åt Guds kista, set levitane til å bera henne og stemner i hop Israel og dei fremste levitane, 1-10. Han segjer prestane og levitane fyre kva dei skal gjera; dei gjer som han hev sagt, 11-15. Han let songarar fylgja kista og fører henne upp til Davidsstaden med stor gleda; Mikal vanvyrder han, 16-29.

1Sidan bygde han seg fleire hus i Davidsstaden, og han stelte til eit rom åt Guds kista og sette upp eit tjeld åt henne.

2Den gongen sa David: Ingen utan levitane må bera Guds kista; for dei hev Herren valt ut til å bera Guds kista og til å tena han i all æva.

3David stemnde heile Israel i hop til Jerusalem; dei skulde vera med og føra Herrens kista upp til det romet han hadde stelt til åt henne.

21og Mattitja og Eliflehu og Mikneja og Obed-Edom og Je'iel og Asasja skulde spela på citarar etter Sjeminit og styra songen.

22Kenanja, songmeisteren åt levitane, lærde dei andre upp i songen; for han var kunnig i slikt.

23Berekja og Elkana var dørvaktarar ved kista.

24Prestane Sebaina og Josafat og Netanel og Amasai og Sakarja og Benaja og Elieser bles i lur framfor Guds kista, og Obed-Edom og Jehia var og dørvaktarar ved kista.

25So tok David i vegen, både han og Israels styresmenner og dei øvste hovdingane; og skulde henta Herrens paktkista med fagnad upp frå huset til Obed-Edom.2 Sam 6,12-16

26Og for di Gud hjelpte levitane som bar Herrens paktkista, ofra dei sju uksar og sju verar.

27David var klædd i ei kappa av kvitt bomullsty, og like eins alle dei levitane som bar kista, og songarane og Kenanja, songmeisteren, som styrde songen; dessutan bar David ei prestekåpa av lereft.

28So førde då heile Israel Herrens paktkista upp med fagnadrop og lurlåt, og dei bles i trompetar og slo på cymblar og spela på harpa og citar.

29Men då Herrens paktkista vart bori inn i Davidsstaden, bar det so til at Mikal Saulsdotter skoda ut gjenom vindauga, og då ho såg korleis kong David hoppa og dansa, vanvyrde ho han i sitt hjarta.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help