Salmane 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Den heilage songaren klagar yver vondskapen åt dei ugudlege og skildrar han, 1-11; han bed um hjelp, 12-15, og er viss på at han skal verta bønhøyrd, 16-18.

1Herre, kvi stend du so langt undan, løyner di åsyn dei tider me er i trengd?

2Ved ovmodet hjå den ugudlege illhugast dei arme; dei vert fanga i dei meinråder han hev tenkt upp.

3For den ugudlege rosar det hans sjel lyster, og den vinnekjære byd farvel og spottar Herren.

4Den ugudlege set nosi høgt og segjer: Han heimsøkjer ikkje. Det er ingen Gud til, det er alle hans tankar.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help