1Då no manneætti tok til å aukast på jordi, og dei fekk døtter,
2då såg Guds søner at mannedøtterne var vene, og tok til konor dei som dei kåra seg.
3Då sa Herren: Ikkje skal min Ande døma æveleg hjå menneski; for di dei hev forset seg, er dei kjøt, og dagane deira skal vera hundrad og tjuge år.
4I den tidi var det risar på jordi, og seinare og, av di Guds søner jamleg gav seg i lag med mannedøtterne og fekk søner med dei; det var kjempone, dei namngjetne, som var til fyrr i verdi.
5Og Herren såg at vondskapen var stor hjå manneætti på jordi, og at alt dei tenkte og emna på i hjarto sine, det var berre vondt all dagen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.