Job 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Job segjer til Gud at han ikkje må fara fram mot han som mot ein gudlaus mann; sovore sømer seg ikkje for den som er upphøgd yver menneskjeleg vesaldom og veit um skuldløysa hans, 1-7. Han skynar ikkje korleis Gud kann vilja tyna han, etter som det er han som hev skapt han. Han hev sjølv laga han i morslivet på underfull vis og sidan gjort han ovmykje godt, og samstundes hev han tenkt på å heimsøkja han med tunge lidingar når det leid på, korleis han so stelte seg, 8-17. Han ynskjer at han ikkje var fødd, og at Gud endå vil unna han ein grand lindring, fyrr han fer til daudens myrke land, 18-22.

1Mi sjel er leid av livet mitt; no vil eg sleppa laus mi klaga og tala i min såre hugverk.

14Du vilde vakta på meg når eg synda, og ikkje gjeva til mitt brot;

15um eg var skuldig, usæl eg! Um skuldfri, fekk eg ikkje lyfta hovudet, mett som eg var av skam og med mi naud for augo;

16og lyfte det seg lel, so jaga du meg som ei løva, og fór uskynleg med meg att;Jes 38,13

17du førde nye vitne mot meg og harmast endå meir på meg og sende mot meg her på her.

18Kvi let du meg då koma ut or morslivet? Eg skulde fenge døytt fyrr noko auga såg meg;Job 3,3.11; Jer 20,14

19eg skulde vore som eg aldri hadde vore til; dei skulde bore meg frå morslivet til gravi.

20Er ikkje mine dagar få? - Gjev han heldt upp og let meg vera, so eg fekk ei liti gleda,Sal 39,14

21fyrr eg gjeng burt og ikkje vender att, til myrkret og til daudeskuggelandet,

22eit land so myrkt som svarte natti, der daudeskugge og vanskipnad råder, der dagsljoset er som den myrke natti.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help