2. Johannes 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Johannes helsar «ei frua» (truleg tyder det ein kristen kyrkjelyd), 1-3, gleder seg yver borni hennar (d. e. lemene i kyrkjelyden), manar til kjærleik, 4-6; åtvarar mot forføring, fråfall og samfund med dei vonde, 7-11; endar brevet og helsar frå «syster hennar» (ein annan kyrkjelyd), 12.13.

1Den eldste - til den utvalde frua og borni hennar, som eg elskar i sanning, og ikkje berre eg, men alle dei med som hev lært å kjenna sanningi,3 Joh 1,1; 2 Joh 1,13; 1 Pet 5,13; 1 Tim 2,4

2for den sannings skuld som vert verande i oss og skal vera med oss til æveleg tid:1 Joh 1,8

3Nåde, miskunn, fred skal vera med oss frå Gud Fader og frå Jesus Kristus, Faderens Son, og i sanning og kjærleik.1 Tim 1,2; Tit 1,4

4Eg hev gledt meg storleg yver at eg hev funne nokre av borni dine som ferdast i sanning, so som me fekk påbod av Faderen.1 Kor 13,6; 3 Joh 1,4

5Og no bed eg deg, frua, ikkje som um eg skreiv deg eit nytt bod, men det som me hadde frå upphavet: at me skal elska kvarandre.Joh 13,34; 15,12; 1 Joh 2,7; 3,11.23; 4,21

6Og dette er kjærleiken at me ferdast etter hans bod. Dette er bodet, so som de høyrde det frå upphavet, at de skal ferdast etter det.Joh 15,10; 1 Joh 5,3

7For mange forførarar hev gjenge ut i verdi, som ikkje sannar at Jesus er Kristus komen i kjøt; dette er forføraren og Antikrist!Matt 24,5.24; 2 Pet 2,1; 1 Joh 2,18.22; 4,1-3

8Vara dykk at de ikkje skal missa det de hev vunne med arbeidet dykkar, men at de må få full løn!

9Kvar den som gjeng på avveg og ikkje held ved i Kristi læra, hev ikkje Gud; den som held ved i læra, han hev både Faderen og Sonen.3 Joh 1,11

10Dersom det kjem nokon til dykk og ikkje fører denne læra, so tak han ikkje inn i huset, og bjod han ikkje velkomen!Rom 16,17; 1 Kor 16,22; 2 Tess 3,14; Tit 3,10

11for den som byd han velkomen, vert medskuldig med han i hans vonde verk.1 Tim 5,22

12Endå eg hev mykje å skriva til dykk, vil eg ikkje gjera det med papir og blekk; men eg vonar å koma til dykk og tala munnleg med dykk, so gleda vår kann verta fullkomi.3 Joh 1,13-14; 1 Joh 1,4

13Borni åt di utvalde syster helsar deg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help