Jesaja 53 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Profeten let Israel i framtidi, når det hev vendt um til Messias, sanna at det fyrr vanvyrde og vanda han i vantru for di han hadde so ring ein skapnad og var nedra so djupt, 1-3, men at det no hev kome til den yvertydingi at han ikkje heve lide for si eigi skuld, men for deira misgjerningar og til frelsa for det, 4-6. So skildrar profeten hans toluge liding og hans uskyldige pinefulle daude, 7-9, og tyder det so at lidingi og dauden hev sin grunn i Guds rådgjerd; når han hev bore seg sjølv fram til skuldoffer, skal han til løn for lidingi og dauden få ei stor åndeleg ætt; han skal leva æveleg og føra mange fram til rettferd og sæla ved trui på han, 10-12.
1Kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?
4Men våre sjukdomar var det han tok på seg, og våre pinslor var det han bar, medan me trudde han var heimsøkt, slegen av Gud og nedbøygd.
12Difor vil eg gjeva han mange til lut, og sterke skal han få til herfang, for di han tømde si sjel til dauden og vart rekna millom brotsmenner, medan han bar syndi åt mange, og han bad for brotsmenner.