1Alle dei bodi eg gjev deg i dag, skal de akta på og leva etter dei; då skal de få leva og aukast og koma inn i det landet Herren hev lova federne dykkar, og eigna det til dykk.
2Og kom i hug den lange vegen Herren din Gud hev late deg fara i øydemarki i desse fyrti åri, av di han vilde gjera deg mjuk og røyna deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, um du vilde halda bodi hans eller ikkje.
3Han let deg svelta og lida vondt, og so metta han deg med manna, som du ikkje kjende til, og federne dine ikkje heller, so du skulde vita at menneskja lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn, gjev menneskja liv.2 Mos 16,14-30.35; Matt 4,4
4Klædi dine vart ikkje utslitne, og foten din trutna ikkje i desse fyrti åri.5 Mos 29,5; Neh 9,21
5So må du då skyna at Herren din Gud vilde tukta og rettleida deg, liksom ein mann når han tuktar upp son sin.5 Mos 1,31
6Haldt då bodi åt Herren din Gud! Gakk på hans vegar, og hav age for han!
7For Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med bekker og kjeldor og vassårer, som kjem fram i dalane og på fjelli,
8eit land med kveite og bygg, med vintre og fiketre og granatepletre, med oljetre og honning;
9der tarv du ikkje eta brødet ditt i armod; der skal du ingen ting vanta; der er steinane av jarn, og or fjelli kann du brjota ut kopar.
10Når du so et og vert mett og lovar Herren din Gud for det gilde landet han gav deg,
11so akta deg at du ikkje gløymer Herren din Gud og bodi og fyresegnene og lovene hans, som eg legg fyre deg i dag!
12Når du hev nøgdi av mat og byggjer deg gilde hus til å bu i,
13og bufeet ditt økslar seg, både stort og smått, og sylv- og gullhaugen veks, og all din eigedom aukar,
14so akta deg at ikkje ovmod fær rom i hjarta ditt, so du gløymer Herren din Gud, han som førde deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset,5 Mos 6,12
15han som førde deg gjenom den store, øgjelege øydemarki millom eiterormar og skorpionar og yver vasslaust turrlende, han som let vatnet strøyma ut åt deg or harde berget,4 Mos 21,6; 20,11; 2 Mos 17,6
16han som i øydemarki fødde deg med manna, som federne dine aldri hadde høyrt gjete; og alt dette gjorde han av di han vilde gjera deg mjuk og røyna deg og so gjera vel imot deg.5 Mos 8,3-6
17Seg ikkje med deg sjølv: Det er mi eige kraft og mi sterke hand som hev vunne meg denne rikdomen.Am 6,13
18Men kom i hug at det er Herren din Gud som gjev deg kraft til å vinna deg rikdom, av di han vil halda det han lova federne dine, soleis som han til dessa hev gjort.4 Mos 23,19; 5 Mos 4,31
19Men gløymer du Herren din Gud og fer etter andre gudar og tener dei og tilbed dei, so er det ute med dykk, det segjer eg dykk for visst.5 Mos 28,15-68; 30,17-20; Jos 23,16
20Liksom dei heidningane Herren gjer ende på for dykkar skuld, soleis skal de og ganga til grunns, for di de ikkje lyder Herren dykkar Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.