Job 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Job spottar den visdomen som venene hans trur dei hev, 1-3. Han klagar av di dei hev hædt han, den rettferdige; men det er den visi verdi hev: å spotta den gudlege som er usæl, medan ho let den ugudlege som hev lukka med seg, vera i fred, 4-6. Vil ein verta likso vis som venene hans, treng ein berre ansa på høvet millom naturi og Gud og lyda etter røynslone åt dei gamle, 7-12. Han syner at han ikkje er mindre vis enn venene sine, med di han skildrar korleis Gud styrer verdi i sin visdom og si allmakt, serleg korleis han dømer og øyder, 13-25.

1Då tok Job til ords og sa:

2Ja visst, de er dei rette folk, og visdomen døyr ut med dykk.

3Eg og hev vit, plent liksom de, eg taper ikkje der mot dykk; kven veit då ikkje slikt som dette?

7Men spør du dyri, dei skal læra deg, og fuglane i lufti, dei gjer grein,

8eller tala til jordi, ho skal læra deg, og fiskane i havet skal fortelja.

9Kven skynar ikkje på alt dette, at det er Herrens hand som skapte det?

10For i hans hand er sjeli i kvart liv og åndi i kvar mannelekam.Apg 17,25

11Er det 'kje so at øyra prøver ord, som gomen kjenner korleis maten smakar?Job 34,3

12Hjå folk med gråe hår er visdom, og vit fær dei som lever lenge.

13Visdom og velde er hjå han, og råd og vit høyrer han til.Ordt 8,14

14Det han riv ned, vert aldri uppatt-bygt; stengjer han for ein mann, kann ingen lata upp.Jes 22,22; Op 3,7

15Han stemmer vatnet, so det turkast burt, han slepper det - då øydelegg det jordi.1 Mos 8,1-5; 7,11-24

16Hjå han er både kraft og visdom; vegvill og vill-leidar er båe i hans vald.

17Rådsherrar fører han som fangar, og domarar gjer han til dårar.

18Han løyser tvangsband kongar knytte, legg reip um livet på dei sjølve.

19Han fører prestar burt som fangar, mektige menner støyter han ned.

20Frå røynde menner tek han mælet, og klokskapen frå gamle folk.

21Vanvyrdnad øys han yver fyrstar og løyser beltet på dei sterke.Sal 107,40

22Han dreg det dulde fram or myrkret og fører daudeskugge fram i ljoset.Dan 2,22; 1 Kor 2,10

23Han aukar folki, og han let dei øydast; han gjer det romt for dei, men flyt dei sidan burt.

24Frå landsens hovdingar tek han forstandet og let dei villa i ei veglaus heid;Sal 107,40

25dei fumlar kring i myrkret utan ljos, han let dei raga liksom drukne folk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help