Sakarja 3 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

I ei syn ser profeten øvstepresten Josva standa framfor Herrens engel i folket sin stad, og korleis Gud forsvarar folket sitt mot Satans klagemål, tilgjev dei syndene deira og helgar dei. Framleides høyrer han korleis Herren lovar Josva si signing og hjelp, so framt han er trugen, og korleis han lovar å senda Messias og ved han hava umsut for lyden sin og gjeva han syndeforlating og fred, 1-10.

1So let han meg sjå Josva, øvstepresten. Han stod framfor Herrens engel, og ved høgre sida hans stod Satan og vilde klaga han.

8Høyr no, Josva, du øvsteprest! Du og venene dine, som sit her framfyre deg, de er varselsmenner. For sjå, eg vil lata min tenar Renning koma;

9for sjå, den steinen som eg hev lagt framfor Josva - på denne eine steinen vaker sju augo! Sjå, eg ritar på han innskrifti som høyrer til, segjer Herren, allhers Gud, og eg tek burt syndeskuldi åt dette landet på ein einaste dag.

10På den dagen, segjer Herren, allhers Gud, skal de beda kvarandre til gjestebod under vintreet og fiketreet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help