Jesaja 18 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Etiopane, som ventar at assyrarane skal taka på dei og difor er ottefulle, tarv berre bia og sjå kva Herren gjer, 1-3. Når den rette tidi kjem, skal han tyna assyrar-heren, 4-6. Då skal etiopane sjå at Herren er den sanne Gud, og hylla han, 7.

1Høyr, du land med dei surrande venger, du land burtanfor elvane i Etiopia,

2du som sender bodberarar yver havet og i røyrbåtar yver vatnet! Gakk av stad, de snøgge sendemenner, til det rakvaksne folket med glansande hud, til folket som dei ottast vida ikring, folket som stødt brukar mælesnor og trakkar ned, folket i det landet som vert gjenomskore av elvar!

3Alle de som i mannheimen byggjer og på jordi bur: Når dei reiser merke på fjelli, so sjå til, og når luren ljomar, so høyr etter!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help