Josva 18 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Dei reiser tabernaklet i Silo. Josva sender ut menner som skal byta det som er att av landet, i sju luter, som dei andre sju ættene skal hava; han kastar lut for desse ættene, 1-10. Benjamins-ætti fær sitt odelsland, 11-28.

1So kom heile Israels-lyden saman i Silo, og der sette dei upp møtetjeldet; for no var landet vunne og låg for deira fot.

2Men endå var det att sju av Israels-ættene som ikkje hadde skift odelsjordi si.

3Då sa Josva til Israels-borni: Kor lenge vil de drygja fyrr de kjem og eignar til dykk det landet som Herren, Gud åt federne dykkar, hev gjeve dykk?

4Kom med tri mann av kvar ætt, som eg kann senda i veg, so skal dei stella seg til og fara kring i landet og skriva upp alt det dei ser, so me kann vita kor mykje der er å skifta; sidan skal dei koma attende til meg.

5So skal de byta landet i sju luter og skifta dei millom dykk! Juda-borni skal verta verande i det landet dei hev fenge der sud, og Josefs-ættene i sitt land her nord;

6men de skal skriva upp alt som er i landet, i sju bolkar, og koma hit til meg med det de hev skrive, so skal eg kasta lut for dykk her, framfor Herrens, vår Guds, åsyn.

7For levitane fær ingen lut millom dykk; Herrens prestedøme er deira arvlut. Og Gad og Ruben og den eine helvti av Manasse-ætti hev fenge sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav dei.Jos 13,14-33

8So gjorde mennene seg reiduge og for, og då dei tok ut, sa Josva til dei at dei skulde skriva upp alt dei såg i landet; han sa: Tak i vegen og far kring i landet og skriv upp alt de ser der, og kom so attende til meg! So skal eg kasta lut for dykk framfor Herrens åsyn her i Silo.

9Dermed tok mennene av stad og for kring i landet og skreiv upp by for by i ei bok i sju bolkar. So kom dei attende til Josva, til Silolægret,

10og Josva kasta lut for dei framfor Herrens åsyn; der, i Silo, skifte han landet millom Israels-borni etter folkegreinene deira.

11Den fyrste luten fall på Benjamins-borni og ættgreinene deira; det landet dei fekk, kom til å liggja millom Juda-borni og Josefs-borni.

12Fylkesdeilet gjekk på nordsida ut frå Jordan og uppetter til åsen nordanfor Jeriko og stemnde so vestetter upp i fjellet og fram til øydemarki ved Bet-Aven.

13Derifrå tok det burtyver til Luz, til åsen sunnanfor Luz, der Betel ligg, og gjekk so ned til Atrot-Addar yver det fjellet som ligg sunnanfor Nedre Bet-Horon.1 Mos 28,19

14So gjorde skiftelina ein sving og vende seg på vestsida sudetter frå det fjellet som ligg beint sunnanfor Bet-Horon, til ho enda innmed Kirjat-Ba'al, ein by som høyrde Juda-borni til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestsida.

15På sudsida gjekk fylkesdeilet frå enden av Kirjat-Jearim - der var det skiftelina tok til i vest - og fram til Neftoahvasskjelda.

16So gjekk skiftelina ned til foten av fjellet som ligg midt for Hinnomssonsdalen, nordanfor Refa'imdalen, tok so ned i Hinnomsdalen, på sudsida av Jebusitaråsen, og ned til En-Rogel.Jos 15,6-12

17Sidan svinga ho mot nord og gjekk fram til En-Semes og til Gelilot, som ligg midt for Adummimkleivi, og tok so ned til den steinen som heiter etter Bohan Rubensson.

18Der tok ho yver til den åsen som ligg rett nord for Ha'araba, og so ned til Ha'araba.

19Sidan heldt ho fram til nordsida av Bet-Hoglaåsen og enda i den nørdste viki av Saltsjøen, attmed Jordanosen. Dette var fylkesdeilet i sud.

20På austsida var det Jordan som var deile. Dette var odelsjordi åt Benjamins-borni og ættgreinene deira, med fylkesdeildene rundt ikring.

21Byane som Benjamins-ætti og greinene hennar fekk, var: Jeriko og Bet-Hogla og Emek-Kesis

22og Bet-Ha'araba og Semara'im og Betel

23og Ha'avvim og Happara og Ofra,

24og Kefar-Ha'ammoni og Haofni og Geba, tolv byar med grendene ikring;

25Gibeon og Rama og Be'erot

26og Mispe og Hakkefira og Hammosa

27og Rekem og Jirpe'el og Tarala

28og Sela, Haelef og Jebus, som no heiter Jerusalem, og Gibat og Kirjat - fjortan byar med grendene ikring. Dette var landet åt Benjamins-borni og ættgreinene deira.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help