2. Mosebok 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Herren lovar at han vil halda den pakti han hev gjort med federne, og føra Israels-borni inn i Kana'ans-landet; folket høyrer ikkje på Moses for den harde trældomen skuld, 1-9. Herren segjer på nytt til Moses at han skal føra folket ut or Egyptarland; ættefederne i Rubens-, Simeons- og Levi-ætti høyrer Moses og Aron, 10-30.
1Då sa Herren til Moses: No skal du sjå kva eg vil gjera med Farao: Mi sterke hand skal nøyda han til å sleppa dei, og for den same sterke handi skuld skal han jamvel driva dei ut or landet sitt.