Forkynnaren 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Livet er fullt av naud og trengsla, difor krev det ålvor, 1-4. Alle bør høyra på vismannen når han refser, 5-7, vera toluge, 8.9; med visdom, som er meir verd enn rikdom, skal ein akta på Guds styring, vera nøgd med det som han sender og let koma, ikkje lata seg villa burt frå den sanne rettferdi og visdomen, som er den rette midvegen; ein skal ottast Gud, søkja styrke i den sanne visdomen til strida mot syndi, som heng ved alle, og til å tola og tilgjeva vonde ord frå andre, 10-22. Preikaren hev leita etter den sanne visdomen, men hev ikkje nått han endå; medan han leita etter han, hev han funne mykje dårskap og freisting til synd millom menneski; årsaki til det ligg ikkje hjå Gud, som skapte menneskja utan synd, men hjå menneskja sjølv, som hev vendt seg til det vonde, 23-29.
1Betre eit godt namn enn god olje, og betre døyande-dagen enn fødedagen.
15Alt hev eg set i mitt fåfengde liv: Mang ein rettferdig gjeng til grunns trass i si rettferd, og mang ein ugudleg lever lenge trass i sin vondskap.
17Ver ikkje altfor ugudleg, og ver ikkje ein dåre! Kvifor vil du døy fyre tidi?
18Det er godt at du held fast på det eine, men du skal ikkje sleppa det andre heller; for den som ottast Gud, finn ein utveg or alt dette.