Salmane 68 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
David bed Israel prisa Gud av di han gjer dei ugudlege til inkjes, so dei rettferdige kann gleda seg, og bergar alle som er hjelpelause og lid vondt, 2-7. Han hev ført sitt folk igjenom øydemarki, der han kveikte det med riklege gåvor, og gjeve det heim i Kana'ans-landet, 8-11, hev gjeve det herlege sigrar yver fiendekongar og sidan ljuvleg fred, 12-15, hev kåra Sionsfjellet til bustad åt seg, der han alltid vil sitja i all si makt og all sin herlegdom, 16-18, og no nyst fare upp til sitt himmelske kongssæte, etter han hev vunne store gåvor for Israel i ein stor siger, 19. Songaren er viss på at Gud i framtidi og skal berga folket sitt or all naud og tyna fiendane, 20-24. Han skildrar festfylgjet som gleder seg yver sigeren som nyst er vunnen, 25-28; på den byggjer han si von um at alle heidningfolk skal venda um til Gud, 29-32; til slutt kallar han alle heimsriki til å tena han, 33-36. / Salmen inneheld ein spådom um frelsa ved Messias, um hans herlege siger yver alle vonde makter og hans himmelferd, um at han skal etla ut Andens gåvor (v. 19 sml. Efes 4,8), og at hans rike skal breida seg ut yver heile jordi.
1Til songmeisteren; av David; ein salme, ein song.
2Gud reiser seg, hans fiendar vert spreidde, og dei som hatar han, flyr for hans åsyn.
12Herren gjev sigersong; stor er skaren av kvinnor som kjem med gledebod.
15Når den Allmektige spreider kongar der, då snøar det på Salmon. /
16Eit Guds fjell er Basans fjell, eit fjell med mange tindar er Basans fjell. /
17Kvifor ser de skakt, de fjell med mange tindar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid.
19Du for upp i det høge, førde fangar burt, tok gåvor millom menneski, ogso av dei trassige, so du kunde bu der, Herre Gud!
29Din Gud hev etla deg styrke; Gud, styrk det som du hev gjort for oss!
30For skuld ditt tempel i Jerusalem skal kongar koma med gåvor til deg. /
31Skjell på dyret i sevet, på stuteflokken og folkekalvane, som kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folki som er huga på strid. /
32Veldige menner skal koma frå Egyptarland, Etiopia skal skunda seg og retta hendene ut til Gud.