Klagesongane 2 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Jeremias klagar for di Herren i sin vreide hev øydelagt folk og land, by og heilagdom, so alle hev sokke ned i den djupaste sorg og elegskap, 1-13. I denne naudi, som dei falske profetane hev kalla fram med all lygni dei hev fare med i spådomane sine, hev folket no vorte til spott for fiendane sine, 14-17. Profeten uppmodar folket til å beda Herren um miskunn, og dei gjer so, 18-22.

1Kor Herren i sin vreide hev sveipt Sions dotter i myrkeskodda! Han kasta Israels herlegdom frå himmelen til jordi, og han kom ikkje i hug sin fotskammel på sin vreide-dag.

2Utan nåde øydde Herren alle Jakobs bustader, i sin vreide reiv han ned for Judas dotter hennar borger, ja kasta dei til jordi; han vanhelga riket og hovdingane.

3I sin brennande vreide hogg han av kvart horn i Israel, drog si høgre hand attende då fienden kom, og kveikte eld i Jakob lik ein eldsloge som øyder rundt ikring.

4Han spente sin boge som ein fiende, stod fram med si høgre hand som ein motstandar og drap alt som var ein hugnad for augo våre; i tjeldet åt Sions dotter auste han ut sin vreide som eld.Sal 7,13

5Herren hev vorte som ein fiende, han hev gjort ende på Israel, gjort ende på alle slotti, lagt borgene i øyde og dunga sorg på sorg yver Judas dotter.

6Med vald hev han brote ned sitt gjerde som gjerdet kring ein hage, sin samlingsstad hev han øydt; Herren hev late både høgtid og sabbat verta avgløymde i Sion, og støytt ifrå seg konge og prest i sin vreide og harm.

7Herren hev vanda sitt altar, forsmått sin heilagdom; murane kring hennar slott hev han gjeve i fiendevald; dei let røysti si ljoma i Herrens hus som på ein høgtidsdag.Sal 74,4

8Herren etla øydeleggja muren for Sions dotter, han strekte ut mælesnori og heldt ikkje handi si att frå herjing, han let vollar og murar syrgja; til nedfalls ligg dei der alle.

9Dei er sokne i jord, hennar portar, han hev brote og krasa hennar bommar; hennar konge og hovdingar bur hjå heidningane, det finst ikkje meir nokor lov; hennar profetar hev ikkje heller fenge nokor syn frå Herren.Sal 74,9

10Dei sit på jordi tegjande, styresmennene åt Sions dotter; dust hev dei drust uppi kruna, sveipt seg i sekk; Jerusalems-møyane luter sitt hovud mot jordi.

11Mine augo talmast av tåror, det syd inni bringa og barm, og levri hev runne til jordi, for di ho er tynt, mitt folks dotter, for di småborni, ja sogborni ormektast på gatone i byen;Klag 1,20; 4,4

12dei ropa til møderne sine: Kvar er korn og vin? - då dei ormektast på gatone i byen som gjenomstungne, då dei andast attmed morsbarmen.

13Kva skal eg vitna for deg, kva skal eg likna deg i hop med, du Jerusalems dotter? Kva skal eg setja jamsides med deg, so eg kunde trøysta deg, du møy, Sions dotter? For stor som havet er din skade; kven kann lækja deg?Jer 15,18; 30,12

14Det profetane dine skoda åt deg, var fåfengd og dårskap; dei synte deg ikkje di misgjerning, so du kunde sleppa å fara i utlægd, men dei forkynte deg spådomar fulle av fåfengd og forføringar.Jer 14,14; 23,13-15; Esek 13,2-16

15Dei slær hendene i hop yver deg alle som gjeng framum på vegen; dei spottar or rister på hovudet yver Jerusalems dotter: Er dette byen som dei kalla «fagerleiks kruna», «ei frygd for all jordi»?Sal 50,2

16Alle dine fiendar spilar upp sitt gap imot deg, dei spottar og skjer tenner, dei segjer: Me hev tynt henne; ja, dette er den dagen me hev stunda på; me fekk då leva og sjå den dagen.

17Herren hev gjort det han hadde tenkt, han hev fullført sitt ord som han forkynte alt i forne dagar, han hev rive ned utan nåde; og han let fienden fagna seg yver deg, han let dine uvener bera hornet høgt.3 Mos 26,14-39; 5 Mos 28,15-52

18Hjarta deira ropar til Herren - Du mur kring Sions dotter, lat tårone renna som bekker dag og natt, unn deg ingi kvild, gjev ikkje auga ditt ro!

19Statt upp, ropa høgt um natti, når nattevaktene tek til! Renn ut ditt hjarta som vatn for Herrens åsyn! Lyft dine hender til han til livsens frelsa for dine born, dei som ormektast av svolt på kvart gatemot!1 Sam 1,15; Sal 62,9

20Sjå, Herre, sjå! Kven hev du fare slik åt med? Skal kvinnor eta si livsfrukt, småborni som dei ber på armen? Skal ein drepa prest og profet i Herrens heilagdom?Klag 4,10; 5 Mos 28,53-68; Jer 19,9

21På jordi i gatone ligg ung og gamal, mine møyar og sveinar hev falle for sverd; du slo i hel på din vreide-dag, du slakta utan nåde.

22Som på ein høgtidsdag kalla du redslor yver meg frå alle leider, og på Herrens vreide-dag fanst det ingen som slapp undan og vart berga; dei eg hadde bore på armen og ale upp, dei hev min fiende tynt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help