Esekiel 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Med biletleg åtferd, som og vert tydd med ord, skal profeten forkynna det trassige folket han lever hjå, at kongen (Sedekias) og Jerusalems-buane skal førast burt som fangar, og at dei skal lata livet, so nær som nokre få, 1-16, og korleis folket skal syrgja og fæla når landet vert øydelagt, 17-20. Han skal lata spottarane vita at Herrens ord ikkje skal verta til inkjes, men ganga fram, og at det skal verta slutt med all falsk spådom i Israel, 21-25, og at dette skal henda, ikkje langt fram i tidi, men snart, 26-28.

1Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2Menneskeson! Du bur midt ibland den trassige ætti, som hev augo å sjå med, men ikkje ser, og øyro å høyra med, men ikkje høyrer; for ei trassig ætt er dei.

11Seg: Eg er eit varselsteikn for dykk; som eg hev gjort, so skal det gjerast med dei; fangar skal dei verta og i utlægd skal dei fara.

12Og fyrsten som er hjå dei, skal taka byrdi si på herdi og fara ut medan det er stumende myrkt; dei skal brjota eit hol i muren og føra han ut gjenom det; andletet sitt skal han sveipa inn, so han ikkje skal sjå landet med sine augo.

14Alle som er ikring han, hjelparane hans, og alle herflokkane hans vil eg spreida for alle vindar, og eg vil elta dei med drege sverd.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help