1Då song Moses og Israels-borni denne lovsongen til Herren: Eg vil lovsyngja Herren, for han er høgt upphøgd; hest og mann støytte han i havet.
2Herren er min styrke og lovsong, og han vart meg til frelsa. Han er min Gud, han vil eg lova, Gud åt far min, han vil eg upphøgja.
24Og folket mukka mot Moses og sa: Kva skal me drikka?
25Då ropa han til Herren, og Herren synte han eit tre; det kasta han upp i vatnet; då vart vatnet godt. Der sette dei lov og rett, og der røynde han dei.
26Og han sa: Høyrer du vel etter ordi åt Herren din Gud og gjer det som rett er i hans augo, og lyder du bodi og held alle fyresegnene hans, so skal du sleppa alle dei sjukane som eg la på egyptarane; for eg er Herren, lækjaren din.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.