1. Krønikebok 25 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

David nemner ut songarar under Asaf og Heman og Jedutum, 1-7. Dei vert bytte i 24 skift, 12 i kvart skift, 8-31.

1So skilde David og herhovdingane ut til gudstenesta ut sønene åt Asaf og Heman og Jedutun, som i profetisk eldhug spela på citar og harpa og cymbel. No skal me rekna dei upp, dei mennene som hadde fenge denne tenesta:

2Av Asafs-borni var det Sakkur og Josef og Netanja og Asarela, sønene hans Asaf. Asaf styrde sjølv songen, og spela i profetisk eldhug soleis som kongen hadde sagt fyre;

3av Jedutun - Jedutuns-sønene -: Gedalja og Seri og Jesaja og Hasabja og Mattitja, seks i talet; dei hadde citarar og Jedutun, far deira, styrde songen deira, og spela i profetisk eldhug til Herrens lov og pris;

4av Heman, - Hemans-sønene -: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sebuel, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti og Romamti-Eser, Josbekasa, Malloti, Hotir og Mahasiot;

5dei var alle søner åt Heman, han som var sjåaren åt kongen og kom til han med bod frå Gud; og Gud gav Heman fjortan søner og tri døtter, av di han vilde hevja upp hornet hans.

6Alle desse greidde med songen i Herrens hus, kvar med far sin til styrar; dei spela på cymblar og harpor og citarar når det var tenesta i Guds hus, og Asaf og Jedutun og Heman styrde spelet etter fyresegn frå kongen.

7Talet på dei, brørne deira medrekna - dei som var upplærde i songen for Herren, alle som hadde vunne meisterskap i kunsti - var tvo hundrad og åtte og åtti.

8Dei kasta lut um yrket sitt alle saman, den minste som den største, meisteren som læresveinen.1 Krøn 24,31

9Fyrste luten fall på Asaf, det vil segja på Josef; den andre vart Gedalja, han sjølv med brørne og sønene hans, tolv i talet;1 Krøn 25,2-4

10den tridje vart Sakkur med sønene og brørne sine, tolv i talet;

11den fjorde luten fall på Jisri med sønene og brørne hans, tolv i talet;

12den femte vart Netanja med sønene og brørne sine, tolv i talet;

13den sette vart Bukkia og sønene og brørne hans, tolv i talet;

14den sjuande vart Jesarela og sønene og brørne hans, tolv i talet;

15den åttande vart Jesaja og sønene og brørne hans, tolv i talet;

16den niande vart Mattanja og sønene og brørne hans, tolv i talet;

17den tiande vart Sime'i og sønene og brørne hans, tolv i talet;

18den ellevte vart Asarel og sønene og brørne hans, tolv i talet;

19den tolvte luten fall på Hasabja med sønene og brørne hans, tolv i talet;

20den trettande vart Subael og sønene og brørne hans, tolv i talet;

21den fjortande vart Mattitja og sønene og brørne hans, tolv i talet;

22den femtande luten fall på Jeremot med sønene og brørne hans, tolv i talet;

23den sekstande vart Hananja og sønene og brørne hans, tolv i talet;

24den syttande vart Josbekasa og sønene og brørne hans, tolv i talet;

25den attande vart Hanani og sønene og brørne hans, tolv i talet;

26den nittande vart Malloti og sønene og brørne hans, tolv i talet;

27den tjugande vart Eliata og sønene og brørne hans, tolv i talet;

28den ein og tjugande vart Hotir og sønene og brørne hans, tolv i talet;

29den tvo og tjugande vart Giddalti og sønene og brørne hans, tolv i talet;

30den tri og tjugande vart Mahasiot og sønene og brørne hans, tolv i talet,

31den fire og tjugande vart Romamti-Eser og sønene og brørne hans, tolv i talet.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help