2. Korintar 5 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Paulus er hugheil i tenesta si, jamvel um ho skal føra han i dauden; for mot dauden og hev han trøyst i vissa um at han ein gong skal få ein ny himmelsk lekam, som han skal heva heime hjå Herren, 1-10. Han vågar å gjeva seg sjølv eit godt skotsmål i tenesta si; for i all si apostelgjerning tenkjer han berre på å tena Gud og næsten, men ikkje seg sjølv; som Guds sendebod gjeng han ut med bodskapen um forliket i Kristus, 11-21.
1For me veit at um vår lekams jordiske hus vert nedrive, so hev me ein bygnad av Gud, eit hus som ikkje er gjort med hender, æveleg i himmelen.