Josva 10 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Fem kongar i Sud-Kana'an slær seg i hop og vil taka Gibeon; gibeonitane bed Josva um hjelp, og han tek på dei fem kongane; soli og månen stend stille på himmelen, og Herren strider for Israel, so dei vinn, 1-15. Kongane løyner seg i ein heller, men vert henta ut og drepne, 16-27. Josva legg under seg heile Sud-Kana'an og fer attende til Gilgal, 28-43.

1Då Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk spurt at Josva hadde teke Ai og bannstøytt byen og gjort like eins med Ai og kongen der som med Jeriko og den kongen, og at Gibeon-buane hadde gjort fred med israelitane og var i hop med dei,

14Og aldri anten fyrr eller sidan hev det vore nokon dag som denne, då Herren lydde eit manneord. For Herren stridde for Israel.

15So for Josva med heile Israel attende til Gilgallægret.

16Dei fem kongane rømde og løynde seg i helleren attmed Makkeda.

17Men folk kom og sa til Josva: Dei hev funne dei fem kongane; dei hadde løynt seg i Makkedahelleren.

18Då sa Josva: Velt store steinar attfor hellermunnen og set nokre menner til å halda vakt der!

19Men sjølve må de ikkje stana. Set etter fienden og hogg ned dei som er attarst i ferdi! Lat dei ikkje få koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud hev gjeve dei i dykkar hender.

20Då no Josva og Israels-borni hadde slege fiendane i søkk og kav og gjort reint ende på dei, so berre nokre få slapp undan og fekk berga seg inn i dei faste byane,

21so kom heile heren uskadd attende til Josva i lægret attmed Makkeda, og det fanst ingen som torde knysta mot nokon av Israels-borni meir.

42Og alle desse kongane og riki deira vann han yver med ein gong; for Herren, Israels Gud, stridde for Israel.

43Sidan for Josva med heile Israel attende til Gilgallægret.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help