1. Samuelsbok 8 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
På sine gamle dagar set Samuel sønene sine til domarar; dei rengjer retten for pengar; folket klagar til Samuel og vil hava ein konge, 1-5. Samuel syrgjer yver dette; Herren segjer at han skal gjera folket til viljes; men fyrst skal han segja greidt ifrå korleis ein konge kjem til å fara åt, 6-9. Samuel segjer ifrå til folket, men dei held fast på kravet sitt, 10-22.
1Då Samuel vart gamal, sette han sønene sine til domarar i Israel.
2Eldste son hans heitte Joel og den andre Abia; dei skifte rett i Be'erseba.
3Men sønene hans fylgde ikkje i hans fotfar; dei søkte berre sin eigen bate og tok mutor og rengde retten.