1So gjorde han brennofferaltaret av akasietre, fem alner langt, fem alner breidt, firkanta, og tri alner høgt.
9So laga han fyregarden: Til solsida, den sida som snudde mot sud, gjorde han umheng av fint tvinna lingarn, hundrad alner på lengdi,
25Og sylvet som kom inn då dei heldt manntal yver lyden, det var hundrad talentar og eitt tusund og sju hundrad og fem og sytti sekel etter heilag vekt:
26ein beka eller ein halv sekel etter heilag vekt for kvar mann som kom med i manntalet, frå tjugeårsalderen og uppetter, og det var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann.2 Mos 30,12-16; 4 Mos 1,46
27Dei hundrad talenti med sylv vart bruka til å støypa stabbane til heilagdomen og forhenget, hundrad stabbar av dei hundrad talenti; det gjekk med eit talent til kvar stabbe.
28Og dei eitt tusund sju hundrad og fem og sytti sekel bruka dei til hakar på stolpane og ålag yver dei og til teinar som skulde binda dei i hop.
29Koparen som vart gjeven i offergåva, var sytti talent og tvo tusund og fire hundrad sekel.
30Av den gjorde dei stabbane til møtetjelddøri og koparaltaret med kopargrindi som høyrde til, og alle altargognene,
31og stabbane til fyregarden, heilt rundt, og stabbane til fyregardsporten, og alle pålane til tabernaklet og til fyregarden, heilt rundt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.