Esekiel 37 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Esekiel ser i åndi korleis ei stor mengd med daudningbein som ligg strådde umkring i ein dal, vert levande, 1-10. Med denne syni vert det sagt frå at det landlyste Israel, som held på å missa voni um attreising, skal reisast upp att, verta åndeleg levandegjort og koma attende til landet sitt, 11-14. Med biletleg åtferd forkynner profeten at dei tvo skilde lutene av folket, Israel og Juda, skal sameinast til eitt folk under ein konge, ein annan David, Messias. Dette folket skal vera heilagt, eiga lovnadslandet til æveleg tid, njota æveleg fred, og heilagdomen åt Herren, deira Gud, skal vera hjå dei i all æva, 15-28.

1Herrens hand kom yver meg, og i åndi førde Herren meg ut og sette meg ned midt i dalen, som no var full av bein.

25Dei skal bu i det landet som eg gav min tenar Jakob, det som federne dykkar budde i; dei skal bu i det, dei sjølve og borni deira og barneborni deira, til æveleg tid, og David, tenaren min, skal vera deira fyrste i all æva.Dan 7,14; Luk 1,33

26Eg vil gjera ei fredspakt med dei - ei æveleg pakt med dei skal det vera; og eg vil busetja dei i landet mitt og lata dei aukast og setja min heilagdom midt ibland dei i all æva.Esek 34,25

27Ja, min bustad skal vera yver dei, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.Jes 4,5; Op 7,15; 3 Mos 26,11-12; 2 Kor 6,16

28Og folki skal sanna at eg er Herren, som helgar Israel, når min heilagdom vert verande millom dei i all æva.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help