5. Mosebok 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Moses lærer folket korleis dei skal fara åt med heidningfolki i Kana'ans-landet, 1-5; han minner dei um korleis Herren av nåde hev valt det ut til sitt eige folk, 6-8, og lovar dei Guds rike velsigning, so framt dei lyder han, 9-16; dei skal ikkje reddast um fiendane er mange og sterke, 17-24; han forbyd dei å eigna seg til sylvet og gullet på avgudsbileti deira, 25.26.

1Sjå, no fører Herren din Gud deg inn i det landet du etlar deg til og skal leggja under deg, og vil for di skuld driva ut mange folkeslag: hetitane og girgasitane og amoritane og kana'anitane og ferisitane og hevitane og jebusitane, sju folk som er større og sterkare enn du;

17Men um du tenkjer som so: Desse folki er større enn eg; korleis kann eg driva dei ut? -

18so ver ikkje redd dei for det! Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Farao og alle egyptarane,

19dei store plagone du såg for augo dine, og teikni og underi som hende då Herren med sterk hand og strak arm førde deg ut or Egyptarlandet; det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folki du reddast for.

20Endå kvefsar skal Herren din Gud senda imot dei, til alle dei er burte som er att og hev løynt seg for deg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help