1Sønene hans Issakar var Tola og Pua, Jasib og Simron; dei var fire i talet.
6Sønene hans Benjamin var Bela og Beker og Jediael, tri i talet.
16Ma'aka, kona hans Makir, fekk ein son som ho kalla Peres. Bror hans heitte Seres, og sønene hans var Ulam og Rekem.
17Son åt Ulam heitte Bedan. Desse var søner åt Gilead, son åt Makir Manasseson.
22Efra'im, far deira, syrgde i lenge, og brørne hans kom og vilde trøysta han.
23Sidan gjekk han inn til kona si, og ho vart med barn og åtte ein son, som han kalla Beria, av di dette bar til medan det var ulukke i huset hans.
24Dotter hans heitte Se'era; det var ho som bygde Nedre og Øvre Bet-Horon og Ussen-Se'era.
25Son hans heitte Refa; hans søner heitte Resef og Tela, hans son Tahan,
26hans son Ladan, hans son Ammihud, hans son Elisama,4 Mos 1,10
27hans son Non og hans son Josva.
28Odelslandet og bustadene deira var Betel med bygdene som låg ikring, og i aust Na'aran, i vest Geser med bygdene som låg ikring, og Sikem med bygdene som låg ikring, alt til Gasa med bygdene der ikring.Jos 16,1-4
29Manasse-borni åtte Betsean og Ta'anak og Megiddo og Dor, alle med bygdene som låg ikring kvar av desse byane. I desse byane budde etterkomarane etter Josef Israelsson.
30Sønene hans Aser var Jimna og Jisva og Jisvi og Beria; dei hadde ei syster som heitte Serah.1 Mos 46,17
31Sønene hans Beria var Heber og Malkiel; han var far åt Birsot.
32Heber vart far til Jaflet og Somer og Hotam og Sua, syster deira.
33Sønene hans Jaflet var Pasak og Bimhal og Asvat; so heitte sønene åt Jaflet.
34Sønene hans Semer var Aki og Rohga, Jehubba og Aram.
35Sønene åt Helem, bror hans, var Sofah og Jimna og Seles og Amal.
36Sønene åt Sofah var Suah og Harnefer og Sual og Beri og Jimra,
37Beser og Hod og Samma og Silsa og Jitran og Be'era.
38Sønene åt Jeter var Jefunne og Pispa og Ara.
39Sønene åt Ulla var Arah og Hanniel og Risja.
40Alle desse var søner åt Aser, hovdingar for ættgreinene sine, utvalde stridsføre herkjempor, hovdingar millom fyrstane. I ættelista deira stod det seks og tjuge tusund mann som var føre til å gjera hertenesta.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.