Obadja 1 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Profeten Obadias forkynner at Herren hev sett seg fyre å late fiendefolk tyna edomitane, som lit på dei faste bustadane sine og meiner at ingen kann vinna yver dei; han skildrar so korleis fienden plundrar dei ut, og venene og sambandsbrørne deira svik dei, so dei vert rådlause og modlause og gjeng til grunns, 1-9. Grunnen til denne lagnaden deira er deira hatfulle og hjartelause åtferd mot dei jødiske brørne deira då den store ulukka råma dei. Difor skal dei, når Herren snart held dom yver alle Israels fiendar, verta heiltupp tynte saman med dei, 10-16. Av Israel derimot skal ein leivning verta att, og han skal aldri meir verta ute for åtak, men få landet sitt att, øyda ut edomitane og vida ut landskilet sitt på alle leider; andre av dei burtførde og spreidde Israels-borni skal og koma attende til heimen sin; frelsarar frå Sion skal døma Edom, og riket høyra Herren til, ein spådom som hev vorte uppfyllt i Messias, 17-21.

1Syni åt Obadias. So segjer Herren, Israels Gud, um Edom: Ei tidend hev me høyrt frå Herren, og bod er bore ut millom heidningfolki: Upp! Lat oss reisa oss til strid imot det!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help