Jeremia 12 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Mismodig yver vondskapen åt landsmennene sine (11,18 fg) spør profeten Herren kvifor det gjeng dei ugudlege godt, medan han sjølv vert so hardt røynd endå han er ærleg i hjarta, og bed at Heren vil rydja ut dei ugudlege, som fører ulukka yver heile landet med vondskapen sin, 1-4. Herren svarar at ei endå hardare røyning ventar han; hans eige skyldfolk skal svika han, 5.6, og forkynner at han vil lata fiendane få makti yver folket, som han hev elska, men no hatar for fiendskapen mot han, og lata heile landet verta øydelagt, 7-13. Dei fiendslege grannefolki skal og verta burtførde; men dei skal koma att, og når dei då vender um til Herren, skal dei med hans folk verta sameina i hans (Messias') rike; men vil dei ikkje høyra på Herren, skal dei ganga til grunns, 14-17.

1Herre, når eg trettar med deg, hev du alltid rett. Endå lyt eg tala med deg um retten: Kvi gjeng det dei ugudlege vel? Kvi er dei sutlause alle dei utrue?

5Vert du utmødd når du spring med gangande mann, korleis kann du då kapprenna med hestar? I eit fredleg land er du trygg, men kva vil du gjera i Jordans prydnad?

6For jamvel brørne dine og farshuset ditt, jamvel dei er utrue mot deg, jamvel dei ropar av full hals etter deg; tru dei ikkje når dei talar vent til deg!

7Eg hev gjenge frå huset mitt, vanda odelen min; eg hev gjeve henne som mi sjel elska, i hendene på hennar fiendar.

8Odelen min hev vorte for meg som løva i skog, han hev lyft si røyst imot meg; difor hatar eg han.

9Er odelen min ein spreklut rovfugl? Det er då rovfugl rundt ikring han! Gakk av stad og samla alle dyr i skogen, lat dei koma hit og eta!

12Yver alle snaude haugar i øydemarki kjem herjande hopar, for Herren hev eit sverd som øyder frå eine enden av landet til hin; det finst ikkje berging for noko kjøt.

13Dei sår kveite og haustar inn klunger, dei møder seg ut, men reint til fånyttes. So vert då til skammar med grøda dykkar for Herrens brennande vreide!5 Mos 28,38; Hos 8,7; Hag 1,6

14So segjer Herren um alle sine vonde grannar, som rører den odelseiga han hev gjeve sitt folk Israel: Sjå, eg rykkjer dei upp or landet deira, og Judas hus vil eg rykkja upp midt ibland dei.

15Men etter eg hev rykt dei upp, vil eg atter miskunna dei og lata dei koma heim att til kvar sin odel og kvar sitt land.

16Um dei då lærer seg mitt folks vegar, so dei sver ved mitt namn: So visst som Herren lever - liksom dei lærde mitt folk å sverja ved Ba'al, då skal dei verta uppatt-bygde midt ibland mitt folk.Jer 4,2; 5 Mos 6,13; 10,20; Jes 2,19-20

17Men vil dei ikkje høyra, då vil eg rykkja upp det folket, rykkja det upp og tyna det, segjer Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help