Esekiel 41 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Esekiel skildrar framleides det nye templet - måli på det Heilage og det Høgheilage, 1-4, sidekovane åt templet, ein bygnad på vestsida åt templet, kjerubane og palmone som var gjorde på tempelveggene, 5-21, røykofferaltaret og tempeldørene, 22-26.

1So førde han meg til det Heilage, og han mælte stolpane: dei var seks alner breide på den eine sida og seks alner på hi - det var breiddi på tjeldet.

2Dørgapet var ti alner breidt, og sideveggene innmed døri var fem alner på kvar sida. So mælte han lengdi på det: fyrti alner, og breiddi: tjuge alner.

3So gjekk han inn i det inste romet og mælte dørstolpane: dei heldt tvo alner, og døri: ho heldt seks alner, og breiddi på døri: sju alner.

4Og han mælte lengdi på det: tjuge alner, og breiddi: tjuge alner, beint imot templet. So sa han til meg: Dette er det Høgheilage.

5So mælte han husveggen: han var seks alner, og breiddi på sidekovane: fire alner, rundt ikring heile huset.

6Sidekovane låg, kove attmed kove, i tri høgder, tretti i kvar høgd, og dei rakk innåt den muren som huset hadde mot sidekovane rundt ikring, so dei hadde studnad; men dei studde seg ikkje i sjølve husveggen.

7Og breiddi på sidekovane auka på rundt ikring, alt etter som ein kom høgre upp; for tilbygnaden kringum huset gjekk uppetter og uppetter rundt ikring huset. Difor auka breiddi inn mot huset ovantil, og frå nedste høgdi steig ein upp i den øvste gjenom den millomste.

8Og eg såg at huset låg på ein pall som nådde rundt ikring; grunnvollane åt sidekovane var ei full stong, seks alner til kanten.

9Tjukkleiken på utveggen åt sidekovane var fem alner, og romet millom sidekovane på huset

10og hine kovane var tjuge alner breidt rundt ikring heile huset.

11Dørene til sidekovane vende ut imot dette opne romet, ei dør i nord og ei i sud; og det opne romet var fem alner breidt rundt ikring.

12Den bygnaden som låg innmed det fråskilde tunet på vestsida, var sytti alner breid, og veggen på bygnaden var fem alner tjukk rundt ikring og nitti alner lang.

13So mælte han huset: det var hundrad alner langt, og det fråskilde tunet og bygnaden med vegger var hundrad alner på lengd.

14Og framsida på huset og det fråskilde tunet mot aust var hundrad alner på breidd.

15So mælte han lengdi på den bygnaden som låg på baksida innmed det fråskilde tunet, og svalene på båe sidor åt bygnaden: det var hundrad alner; like eins det indre templet og hallene i fyregarden.

16Dørstokkane og vindaugo med faste grindar og svalene rundt ikring i deira tri høgder - ovanfor dørstokken var det eit tre-panel rundt ikring, og jordi nådde upp til vindaugo, og attfor vindaugo var det lemmar -

17og romet uppyver dørene og romet inn mot det indre huset og utetter og på heile veggen rundt ikring, innan og utan, alt var etter mål.

18Og det var gjort kjerubar og palmor, ei palma millom tvo kjerubar; kvar kjerub hadde tvo andlet,

21Templet hadde firkanta dørskier, og framsida på heilagdomen såg like eins ut. /

22Altaret var av tre, tri alner høgt og tvo alner langt, og det hadde hyrno sine, og langsida og veggene var av tre. Og han tala til meg og sa: Dette er bordet som stend framfor Herrens åsyn. /

23Templet og heilagdomen hadde tvo dører.

24I kvar av dei var det tvo dørvenger, som båe hadde gangjarn; kvar dør hadde tvo dørvenger.1 Kong 6,34

25Og på dei, på tempeldørene, var det gjort kjerubar og palmor like eins som på veggene. På framsida åt forhalli utantil var det ein tverrbjelke av tre.

26Det var vindaugo med fast grind og palmor på sideveggene åt forhalli, på båe sidor, like eins på sidekovane i huset og på tverrbjelkane.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help