Esekiel 14 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Nokre hyklarar kjem til Esekiel og vil spyrja Herren, medan hjarto deira heng ved avgudar. Esekiel forkynner dei at Herren ikkje vil svara dei i ord, men i gjerning, med å tyna dei; difor manar han dei til å umvende seg, 1-8. Skulde ein profet lata seg lokka til å svara dei, so skal han lida same straffi, 9-11. Når Herren sender straffedomar yver eit syndigt folk, skal ikkje ein gong dei gudlegaste kunna berga andre enn seg sjølve; soleis skal alle lata livet når straffedomane hans råmar Jerusalem, so nær som nokre få, som skal førast burt til Babel, men berre for di dei skal vera eit vitnemål um Herrens rettferdige straff yver den ugudlege byen, 12-23.

1Det kom til meg nokre av styresmennene i Israel og sett seg framfor meg.

5so eg kann gripa Israels-lyden i hjarta, for di dei alle saman hev vendt seg frå meg med dei ufysne avgudane sine.

6Seg difor til Israels-lyden: So segjer Herren, Israels Gud: Vend um og vend dykk burt frå alle dei ufysne avgudane dykkar og vend dykkar åsyn burt frå all styggedomen dykkar!

7For kvar og ein av Israels-lyden og av dei framande som bur i Israel, som skil seg frå meg og gjev dei ufysne avgudane sine rom i sitt hjarta og set framfor augo sine det som er han ein støytestein til misgjerning, og so kjem til profeten og vil hava han til å spyrja meg for seg, honom vil eg, Herren, sjølv svara på mi vis.

8Eg vil kvessa augo mot den mannen og tyna han, so han vert til eit teikn og eit ordtøke, og rydja han ut og mitt folk, og de skal sanna at eg er Herren.5 Mos 28,37; Jer 24,9

9Og let profeten seg lokka og talar eit ord, so er det eg, Herren, som hev lokka den profeten, og eg vil retta ut handi mi mot han og øyda han ut or Israel, folket mitt.1 Kong 22,20-22

10Dei skal båe lida for si misgjerning; som det er med misgjerningi åt spyrjaren, so skal det vera med misgjerningi åt profeten,

11so Israels-lyden ikkje meir skal villa seg burt frå meg og ikkje meir sulka seg med alle sine synder, men vera mitt folk, og eg deira Gud, segjer Herren, Israels Gud.Esek 11,20

12Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

13Menneskeson! Når eit land syndar mot meg og fer svikfullt åt, og eg retter ut mi hand imot det og bryt sund brød-staven for det og sender svolt yver det og ryd ut or det både folk og fe,Esek 4,16

14um då desse tri menner var der i landet, Noah og Daniel og Job, so skulde dei med si rettferd berre kunna berga sitt eige liv, segjer Herren Israels Gud.

15Um eg lét udyr fara igjenom landet, og dei gjorde det folketomt, og det vart ei audn, so ingen kunde ferdast der berre for udyri,3 Mos 26,22

16då skulde, so visst som eg lever, segjer Herren Israels Gud, desse tri mennene, um dei var der, korkje kunna berga søner eller døtter; berre dei sjølve skulde verta berga, men landet skulde verta ei audn.

17Eller um eg let sverd koma yver det landet og sa: Sverd skal fara igjenom landet, og eg rudde ut or det både folk og fe,

18og desse tri mennene var der i landet - so visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud, dei skulde ikkje kunna berga søner og døtter, berre dei sjølve skulde verta berga.

19Eller um eg sende sott i det landet og rende ut harmen min yver det med blod og rudde ut or det både folk og fe,3 Mos 26,25

20og Noah og Daniel og Job var der i landet - so visst som eg lever, segjer Herren Israels Gud, dei skulde ikkje kunna berga son eller dotter; berre sitt eige liv skulde dei berga ved si rettferd.

21For so segjer Herren, Israels Gud: Enn når eg sender dei fire øgjelege straffedomane mine: sverd og svolt og udyr og sott yver Jerusalem til å rydja ut or det både folk og fe!3 Mos 26,22-26

22Like vel skal sume koma seg undan og verta att det, nokre søner og døtter, som vert burtførde; dei skal då koma ut til dykk, og de skal sjå deira åtferd og gjerningar; då skal de trøysta dykk etter ulukka som eg let koma yver Jerusalem, alt som eg let koma yver det.

23Dei skal vera dykk til trøyst når de ser deira åtferd og gjerningar, og de skal skyna at eg ikkje utan grunn hev gjort alt det eg hev gjort imot det, segjer Herren Israels Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help