Domarane 7 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Gideon tek ut med heren sin, men etter Guds fyresegn tek han til slutt med seg berre 300 mann, 1-8. Han høyrer ein midianit fortel ein annan ein draum; det modar han upp, og han tek på fienden med den vesle flokken sin; fienden let seg narra og rømer for dei, 9-22. Andre israelitar slær seg i hop med han og set etter fienden; tvo midianitar-hovdingar vert fanga og drepne, 23-25.
1Jerubba'al - det er den same som Gideon - og alt folket som var med han, tok ut tidleg um morgonen og lægra seg ved Harodkjelda, og Midians-heren låg nordanfor, frå More-haugen og ned i dalen.