Hebrearane 6 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)
Lesarane må streva etter å veksa i åndeleg skyn, so dei kann koma lenger enn til barnelærdomen, 1-3; for det er fårleg å verta liggjande etter i kristeleg kunnskap, ja, det kann jamvel føra til eit fall som ein ikkje kann reisast upp frå, 4-8. Brevskrivaren vonar like vel at det ikkje er so ille med dei, 9.10; men med dei ålvorsame ordi sine vil han åtvara dei mot å vera seinføre og mana dei til å likna federne i den gamle pakti. Dei heldt i tolmod og tru fast ved Guds lovnad, som han sjølv hadde stadfest med eiden sin; difor fekk dei og det som var lova dei. So må då lesarane og halda fast ved den usviklege lesarane og halda fast ved den usviklege voni til Guds lovnad i tru og tillit til Jesus, vår ævelege øvsteprest, 11-20.
1Lat oss difor ganga framum barnelærdomen um Kristus og skrida fram mot det fullkomne, og ikkje atter leggja grunnvollen med umvending frå daude gjerningar og tru på Gud,
2med læra um dåp og handpåleggjing og uppstoda av daude og æveleg dom.