1Sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår;
13Og når du gjev han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt.
14Du skal reida han ut vel med gåvor både av småfeet ditt og frå treskjevollen og vinpersa; av det som Herren din Gud hev velsigna deg med, skal du gjeva han.
15Kom i hug at du sjølv hev vore træl i Egyptarland, og at Herren din Gud fria deg ut; difor gjev eg deg i dag dette bodet.
16Men segjer tenaren at han ikkje vil skiljast ifrå deg, av di han hev det godt hjå deg og held av deg og folket ditt,
17so skal du taka ein syl og stinga gjenom øyra hans og inn i døri, og sidan skal han tena deg all si tid. Sameleis skal du gjera med tenestgjenta di.
18Du skal ikkje trega på at du let sleppa han frå deg; for han hev arbeidt for deg i seks år, og leigefolk hadde kosta deg tvo gonger so mykje. Kom i hug dette, so skal Herren din Gud velsigna deg i alt du gjer!
19Alle frumborne handyr i buskapen din skal du helga til Herren din Gud. Frumborna uksar må du ikkje hava til arbeids, og frumborna sauer må du ikkje klyppa.2 Mos 13,2; 22,29-31; 34,19
20For Herrens åsyn skal du eta dei, år etter år, du og huslyden din, på den staden som Herren vel seg ut.5 Mos 12,11-12
21Er det nokon lyte på dei, er dei halte eller blinde eller hev noko anna leidt lyte, då skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud.5 Mos 17,1; 3 Mos 22,20-25; Mal 1,8.13
22Heime i byane dine kann du eta dei; både ureine og reine kann eta dei, liksom det var rådyr eller hjort.5 Mos 12,15-16.22-23
23Men blodet må du ikkje eta; du skal slå det ut på marki som vatn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.