Esekiel 36 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Edomitane og dei andre grannefolki spottar Israelslandet for di det er øydelagt og hev mist ibuarane sine, held det for sin eigedom og tenkjer på å eigna det til seg; men israelitane skal få landet att, dei skal førast attende til det og aukast der, so folket ikkje skal spotta det meir, 1-15. Israelitane hev sulka landet sitt med syndene sine og hev difor vorte burtførde frå dei og spreidde millom folki, 16-19. Men folki meiner at ulukka deira kjem av at Herren, deira Gud, er vanmektig; difor skal Herren syna at namnet hans er heilagt, med di han samlar dei att og fører dei attende til landet deira, reinsa dei frå syndene deira, gjev dei eit nytt hjarta og ei ny ånd so dei held bodi hans og soleis nyar uppatt pakti si med dei, 20-28; då vil han og velsigna dei med ei ovnøgd av timeleg velsigning, 29-38.

1Og du menneskeson, spå um Israelsfjelli og seg: Høyr Herrens ord, de Israelsfjell!

2So segjer Herren Israels Gud: For di fienden ropa: Hå, hå! yver dykk og sa: Dei ævelege haugar hev vorte vår eiga,

13So segjer Herren, Israels Gud: For di dei segjer til deg: Ein mannetar er du, og barnlaus hev du gjort dine folk,

14difor skal du aldri meir eta menneske og aldri meir få folki dine til å snåva, segjer Herren, Israels Gud.

15Og aldri meir let eg deg høyra hæding frå folki, og vanvyrdnad frå folkeslagi skal du aldri meir turva tola, og dine eigne folk skal du aldri meir få til å snåva, segjer Herren Israels Gud.

16Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

17Menneskeson! Israels-lyden budde i landet sitt, og dei sulka det med si åtferd og sine verk; som ureinskapen hjå kvinna når ho hev sine tider, so var deira åtferd for mi åsyn.Jes 64,5

18Då rende eg ut min harm yver dei for det blodet som dei hadde rent ut yver landet, og for di dei hadde sulka det med dei ufysne avgudane sine.

19Eg spreidde dei millom folki, og dei vart strådde ikring i landi; etter deira åtferd og verk dømde eg dei.

20Men kva for folk dei so kom til, vanhelga dei mitt heilage namn, med di det vart sagt um dei: Dette er Herrens folk, men endå laut dei fara ut or landet hans!Jes 52,5-6; Rom 2,24

21Då gjorde det meg ilt for mitt heilage namn, som Israels-lyden hadde vanhelga millom dei folki som dei kom til.Esek 20,9

22Difor skal du segja til Israels-lyden: So segjer Herren, Israels Gud: Ikkje for dykkar skuld, du Israels-lyd, gjer eg det, men for mitt heilage namn skuld, som de hev vanhelga millom dei folki som dei kom til.

23Eg vil helga mitt store namn som hev vorte vanhelga millom folki med di hev vanhelga millom det ibland dei; og folki skal sanna at eg er Herren segjer Herren, Israels Gud, når eg syner min heilagdom på dykk og for dykkar augo.Esek 28,22

24Eg vil henta dykk frå folki og sanka dykk ut or alle landi og flytja dykk til dykkar eige land.Esek 37,12.21

25Då vil eg skvetta reint vatn på dykk, so de vert reine; frå all dykkar ureinska og frå alle dykkar ufysne avgudar vil eg reinsa dykk.Sak 13,1

26Eg vil gjeva dykk eit nytt hjarta, og ei ny ånd vil eg gjeva inni dykk, og eg vil taka burt steinhjarta or dykkar kjøt og gjeva dykk eit kjøthjarta.Esek 11,19; 18,31; Jer 32,39

27Min Ande vil eg gjeva inni dykk, og eg vil få dykk til å leva etter mine bod og å halda lovene mine og gjera etter dei.

28De skal bu i det landet som eg gav federne dykkar, og de skal vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.Esek 11,20

29Eg vil fria dykk frå all dykkar ureinska, og eg vil kalla på kornet og gjera det follrikt og ikkje lata svolt og naud koma på dykk.3 Mos 25,19; Hos 2,21-23

30Eg vil mangfalda frukti på trei og grøda på marki, so de ikkje lenger skal taka imot hæding frå heidningfolki for svolt.Esek 34,27

31Då skal de minnast dykkar vonde åtferd og dykkar verk, som ikkje var gode, og de skal styggjast ved dykk sjølve for misgjerningane og styggedomen dykkar.Esek 16,61.63; 20,43

32Ikkje for dykkar skuld gjer eg det, segjer Herren, Israels Gud, det skal de vita! De må blygjast og skjemmast av åtferdi dykkar, du Israels-lyd!

33So segjer Herren, Israels Gud: Den dagen eg reinsar dykk frå alle dykkar misgjerningar, vil eg lata det bu folk att i byane, og husi som ligg i røysar, skal verta uppatt-bygde,

34og landet som var lagt i øyde, skal verta dyrka i staden for at det var ei audn for augo på kvar mann som gjekk framum.

35Då skal dei segja: Dette landet som var lagt i øyde, hev vorte som Eden-hagen, og byane som var herja og øydelagde og nedrivne, dei bur det no folk i, og dei hev fenge murar.

36Og dei folki som vert att rundt ikring dykk, skal sanna at eg, Herren, hev bygt upp att det som vart nedrive, og planta det i det aude landet. Eg, Herren, hev sagt det, og eg skal setja det i verk.

37So segjer Herren, Israels Gud: I dette og vil eg bønhøyra Israels-lyden, so eg gjer det for dei: Eg vil gjera det so folkerikt der at dei vert som ein saueflokk;

38som ein heilag saueflokk, som saueflokken i Jerusalem i høgtidene, soleis skal dei manneflokkane vera som fyller dei aude byane; og dei skal sanna at eg er Herren.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help