1Ord av kong Lemuel, den lærdomen som mor hans prenta inn i han:
2Kva skal eg segja til deg, son min, du mitt livs son, du min lovnads-son?
3Gjev ikkje kvinnor di kraft, og gakk ikkje vegar som fører til tyning for kongar!
4Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel, det sømer seg ikkje for kongar å drikka vin, og ikkje for hovdingar å drikka rusdrykk.Ordt 20,1
5For drikk dei, gløymer dei kva som er lov, og rengjer retten for kvar armodsmann.Jes 5,22-23; 28,7; Est 3,15
6Lat han få rusdrykk som mest gjeng til grunns, og han få vin som gjeng med sorg i sjeli!
7Lat han få drikka, so han gløymer all si armod og ikkje lenger kjem i hug si møda!
8Lat upp din munn for mållaus mann, for alle deira sak som gjeng mot undergang!
9Lat upp din munn og døm rettferdigt, hjelp armingen og fatigmannen til hans rett!
10Ei dugande kona - kven finn vel ei slik? Mykje meir er ho verd enn perlor.Ordt 18,22
11Hjarta åt mannen lit på henne, og vinning skortar det ikkje på.
12Ho gjer han godt og inkje vondt alle sine levedagar.
13Ho syter for ull og lin, og hendene strevar med hugnad.
14Ho er liksom kjøpmanns-skip; langt burtantil fær ho si føda.
15Uppe er ho i otta og gjev sin huslyd mat og ternone arbeid for dagen.
16Ho stilar på ein åker og fær han; ho plantar ein vingard for det som ho tener med hendene.
17Kraft spenner ho um seg til belte og gjer sine armar sterke.
18Ho merkar at hushaldet hennar gjeng godt; hennar lampa sloknar ikkje um natti.
19Ho legg hendene sine på rokken, og fingrane tek til teinen.
20Ho opnar handi for armingen, retter hendene ut til fatigmannen.
21Ho ottast ikkje snøen for huset sitt; for heile hennar hus er klædt i skarlaksty.
22Ho gjer seg teppe; ho hev klæde av finaste lin og purpur.
23Hennar mann er kjend i portane, der han sit i lag med dei fremste i landet.
24Linskjortor gjer ho og sel, og belte gjev ho til kræmaren.Apg 9,39
25Kraft og vyrdnad er klædnaden hennar, og ho lær åt den komande tid.
26Ho let upp munnen med visdom, og mild rettleiding hev ho på tunga.
27Ho ser etter korleis det gjeng i huset, og et ikkje brød i letingskap.
28Hennar søner stig fram og prisar ho sæl, og mannen stig fram og rosar henne:
29Mange dugande kvinnor finst det, men du gjeng yver dei alle.
30Venleik er fals og fagerleik fåfengd; ei kvinna som ottast Herren, skal prisast.
31Lat henne njota frukti av sitt arbeid, og hennar verk skal prisa ho i portane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.