1Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren:
2Statt upp og gakk ned til krusmakar-huset, og der skal eg lata deg høyra ordi mine.
3Eg gjekk då ned til huset åt krusmakaren, og sjå, han gjorde arbeidet sitt på svarveskiva;
4vart det då ubrukande, kjeraldet som krusmakaren heldt på å gjera, so som det kann verta med leiret i handi på krusmakaren, so gjorde han det um att til eit anna kjerald, soleis som han vilde hava det.
5Då kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
6Skulde eg ikkje kunna gjera med dykk, Israels hus, like eins som denne krusmakaren? segjer Herren; sjå, som leiret er i krusmakar-handi, so er de i mi hand, Israels hus!Jes 45,9; Rom 9,21
7Stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil rykkja upp og riva ned og leggja i øyde;Jer 1,10
8men um det folket som eg tala um, vender um frå sin vondskap, då angrar eg det vonde som eg hadde tenkt å gjera det.Jer 26,19; Jona 3,10; Esek 18,21; 13,11
9Og stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil byggja og planta;
10men gjer dei då det som eg mislikar, og ikkje høyrer på mi røyst, då angrar eg det gode som eg hadde tenkt eg vilde gjera mot dei.1 Kong 11,11
11Seg no då dette til Juda-mennene og Jerusalems-buane: So segjer Herren: Sjå, eg emnar på ei ulukka åt dykk og tenkjer ut ei meinråd mot dykk; vend då um, kvar og ein frå sin vonde veg, og retta på vegane dykkar og verki dykkar!Jer 7,3
12Men dei segjer: Du talar fåfengt! Me vil fylgja våre eigne tankar, og kvar og ein av oss vil fylgja sitt vonde, harde hjarta.Jer 44,16; Jes 65,2
13Difor segjer Herren so: Spør millom heidningfolki um nokon hev høyrt slikt? Grysjelege ting hev møyi Israel gjort.Jer 2,10; Hos 6,10
14Tru Libanon-snøen brånar burt på det høge fjellet? Eller turkast dei upp, dei framande vatni, dei svale, rennande?
15Men mitt folk hev gløymt meg, dei brenner røykjelse for dei falske gudane; og dei fekk dei til å snåva på vegane deira, dei gamle vegane, so dei gjekk på stigar, på ujamne vegar,Jer 2,32; 3,21; 6,16
16og soleis gjorde dei landet sitt til ei skræma, ei æveleg spott; alle som fer der framum, vert forstøkte og rister på hovudet.Jer 19,8
17Som austanvinden vil eg spreida dei for fienden; med nakken og ikkje med andletet skal eg sjå på dei på deira ulukke-dag.
18Då sa dei: Kom og lat oss leggja upp meinråder mot Jeremias! For det tryt ikkje på lov for presten, eller på råd for den vise, eller på ord hjå frå Gud for profeten. Kom, lat oss slå han med tunga og ikkje bry oss det minste um det han segjer!Jer 4,9; 19,7; Esek 7,26; Mal 2,7
19Gjev gaum etter meg, Herre, og høyr kor dei trettar med meg!
20Skal ein løna godt med vondt? For dei hev grave ei grav for mitt liv. Kom i hug at eg stod for di åsyn og tala godt for dei, til å venda harmen din burt frå dei!Sal 35,12; Ordt 17,13; Rom 12,17; Sal 7,16; 9,16; Ordt 26,27; Fork 10,8
21Difor, gjev borni deira til svolten, og lat sverdet få handsama dei sjølve, og gjer konone deira barnlause og til enkjor, og lat mennene deira verta drepne av sotti og ungdomen deira slegen med sverd i striden!Sal 63,11; Jer 20,4
22Lat naudrop høyrast or husi deira når du let fiendeflokken brått koma yver dei! For dei hev grave ei grav til å fanga meg i og lagt løynde snaror for føtene mine.
23Men du, Herre, kjenner alle deira meinråder mot mitt liv; gjev dei ikkje til deira misgjerning og lat ikkje deira synd verta utstroki for di åsyn! I di vreide-tid gjere du upp med dei!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.