2. Mosebok 4 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Moses ottast at folket ikkje vil tru han; Herren gjev han makt til å gjera teikn for dei, 1-9. Moses orsaker seg med at det fell han tungt å tala; Herren lovar at han vil vera med han, og at Aron, bror hans, skal tala i staden hans, 10-17. Moses fer til Egyptarland; Herren talar meir til han um det han skal gjera, 18-23. Herren vil taka livet hans for di han ikkje hev umskore son sin, 24-26. Aron kjem til møtes med han, og dei gjeng til dei øvste i Israel; folket trur, 27-31.

1Då svara Moses og tok so til ords: Dei vil visst ikkje tru meg og ikkje lyda på meg, men berre segja at Herren ikkje hev synt seg for meg.

2Då sa Herren: Kva er det du hev i handi? Han svara: Ein stav.

3Herren sa: Kasta han på jordi! So kasta Moses staven på jordi; då vart han til ein orm, og Moses rømde for han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help