Salmane 67 - Bibel 1938 - Bibelselskapet(Bibel1938)

Songaren bed at Gud vil velsigna sitt folk, so hans frelsa må verta kunnig yver heile jordi; denne bøni fær si uppfylling i Messias og hans rike, 2.3. Han hev den trygge voni at dette skal henda, so Guds namn må verta herleggjort, 4.5, og styd denne voni til ei stor velsigning som Gud nyst hev gjeve folket sitt i ei rik avling, 6-8.

1Til songmeisteren på strengleik; ein salme, ein song.

2Gud vere oss nådig og velsigne oss, han late si åsyn lysa hjå oss - sela -4 Mos 6,24-25

3so dei må kjenna din veg på jordi, di frelse hjå alle heidningar.Sal 25,10; 98,2; Jes 60,3

4Folki skal prisa deg, Gud! Folki skal prisa deg alle saman.Sal 117,1; Jes 2,2-4

5Folkeslagi skal gledast og fagna seg høgt; for du dømer folki med rett, og folkeslagi på jordi leider du. Sela.Sal 72,11-14; 96,7-13; Jes 58,11

6Folki skal prisa deg, Gud! Folki skal prisa deg alle saman.

7Landet hev gjeve si grøda; Gud, vår Gud, velsignar oss.3 Mos 26,4; Sal 65,10-14

8Gud velsignar oss, og alle heimsens endar skal ottast han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help